«Pinleg dansk siger på Malta», skriv Ekstrabladet. «Ein forferdeleg kamp», skriv Berlingske. «No kan det vel berre bli betre?», skriv Jyllands-Posten.
Uansett: Absolutt alt gjekk eit nær fortapt Danmark sin veg denne fredagskvelden i september.
For Danmark kunne i praksis ha vore ute etter kamp nummer sju av 10 i VM-kvalifiseringa.
- Les også:
Sjokksiger i Tsjekkia
Den første gåvepakken kom allereie før Danmark mot Malta blei sparka i gang.
I Tsjekkia gjekk vann nemleg Armenia 2-1, der den avgjerande scoringa kom på overtid i andre omgang.
Dersom Tsjekkia hadde vunne ville laget hatt 12 poeng. Danmark hadde seks poeng før kampen mot Malta.
I den tredje kampen i gruppa, mellom suveren gruppeleiar Italia og Bulgaria, vann italienarane oppskriftsmessig 1–0.
Dersom Bulgaria hadde vunne ville laget hatt 13 poeng, då like bak Italia.
Malta utlikna og avgjorde
I Danmark sin eigen kamp opna alt perfekt, då Leon Andreasen scora 0–1 etter berre to minutt. Clayton Failla utlikna til 1–1 etter 38 minutt for Malta–som er fortapt i botnen av gruppe to.
Danmark måtte vinne, og på dagen då alt gjekk vegen fekk danskane hjelp av motstandaren. Etter 52 minutt kom nemleg 1–2. Scoringa blei sett i mål av Malta sin Ryan Camilleri til Danmark-siger.
– Det er lenge sidan vi har vunne ein fotballkamp, og det er viktig å ta med. Alle er klare over at mykje må betrast, men det var nødvendig med tre poeng, og så gløymer vi denne kampen, kommenterte Roma-spelar og midtstoppar Simon Kjær til Ekstrabladet etter kampen.
I staden for null VM-håp har Danmark no eit greitt VM-håp. Italia har så å seie vunne gruppa, men kvalikplassen skal no utkjempast mellom Bulgaria (10), Tsjekkia (9), Armenia (9) og Danmark (9).