– Anten eig dei ikkje eit kart hos NFF, eller presterer dei å oversjå at det er teikna inn ein fjord på dette kartet, som heiter Boknafjorden, seier ein sint dagleg leiar i 3. divisjonsklubben Brodd frå Stavanger, Øyvind Jacobsen.
Han meiner at cupen har vore halt i fleire år, og at oppsettet av første runde er eit skot i det eine friske kneet som er att.
- Les òg:
– Spolerer festfotball
Poenget til Jacobsen er at NFF, ved å setja opp lag frå Nord-Rogaland mot lag i Sør-Rogaland, truleg vil resultera i få tilskodarar på kampane, og endå færre bortesupporterar. Dette på grunn av lang reisetid på ein kvardag, til relativt uinteressante kampar.
– I staden for å laga fleire festar, med lokale oppgjer, vel dei å spolera heile festen. Den einaste kampen i Rogaland som blir ein fest er oppgjeret mellom Viking og Vaulen, seier han.
Her er rogalandskampane i runde ein av cupen (sjå full oversikt nedst i artikkelen):
- Brodd (sør for Boknafjorden) – Haugesund (nord for Boknafjorden)
- Avaldsnes (nord for Boknafjorden) – Sandnes Ulf (sør for Boknafjorden)
- Kopervik (nord for Boknafjorden) – Bryne (sør for Boknafjorden)
- Stavanger (sør for Boknafjorden) – Vard Haugesund (nord for Boknafjorden)
- Ålgård (sør for Boknafjorden) – Egersund (sør for Boknafjorden)
- Vaulen (sør for Boknafjorden) – Viking (sør for Boknafjorden)
- Vidar (sør for Boknafjorden) –Staal Jørpeland (sør for Boknafjorden)
– For oss i Brodd er det kjempestas å få møta eit eliteserielag med landslagsspelarar, men som del av ein større fotballfamilie klarer me ikkje gleda oss over at me snyt Avaldsnes for det som kunne blitt eit kjempeoppgjer i Nord-Rogaland, seier Jacobsen.
– Me er komfortable med oppsettet
Hos Norges Fotballforbund er det seks personar som jobbar med å setja opp dei tre første rundane i cupen, før det blir trekning.
Ein av desse er Are Hokstad, som er fagansvarleg i kampadministrasjonen. Hokstad gler seg først og fremst over at engasjementet rundt cupen er stort.
– Me registrerer jo at dette er noko folk er svært opptekne av, og det er bra.
– Jacobsen seier at de gir blanke i breiddefotballen sine behov rundt cupen, kva tenker du om det?
– Eg ønskjer ikkje å kommentera kva han meiner om oss. Men me har teke imot ein e-post frå Brodd, som me skal sjå på, seier Hokstad.
Han seier at dei har laga oppsettet ut frå ein del prinsipp som ligg til grunn, og at dei i tillegg har eit lovverk dei må forhalda seg til.
– Totalt sette er me komfortable med oppsettet, men det vil alltid vera nokon som kjem betre ut enn andre. Det som er viktig for oss er at plassane og minusane blir jamna ut over tid, seier han.
– Latmannsarbeid
Men Jacobsen ser ingen grunn til at NFF bør vera komfortable.
– For meg minner dette om kunnskapsløyse, arroganse og latmannsarbeid, seier han.
Hokstad seier at dei har lita tid på seg og jobbar under høgt press når dei sett opp den første runden, men at dette ikkje er ei unnskyldning for noko ting.
– Me har 128 lag som skal spela 64 kampar, desse skal me setja opp på veldig kort tid, seier han.
Eit av det viktigaste prinsippet dei jobbar for er å unngå reprisekampar.
– Elles skal toppklubbane fordelast på ein jamnast mogleg måte. Då ser me på kor dei har spelt dei siste åra, og prøver å få dei andre stader. Nokre stader lar dette seg lett gjera, medan det er vanskelegare andre stader.
– For alle som har vore involverte i dette ei stund har dei nok kjent på ein skuffelse, men dei har også kjent ei glede over å møta drøymemotstandaren, avsluttar han.
Her er heile første runde
Tysdag 16/4
Frigg–Vålerenga
Vigør–Start
Onsdag 17/4
Kvik Halden–Askim
Kråkerøy–Fredrikstad
Sparta Sarpsborg–Sarpsborg 08
Sprint/Jeløy–Moss
Drøbak Frogn–Follo
Nesodden–Kongsvinger
Oppsal–Ull./Kisa
KFUM Oslo–Fram Larvik
Lyn–Eidsvold Turn
Grei–Kjelsås
Grorud–Gjøvik FF
Bærum–Oslo City
Holmen–Hønefoss
Ullern–Lørenskog
Hauerseter–HamKam
Skedsmo–Lillestrøm
Nybergsund Trysil–Tynset
Ottestad–Strømmen
Brumunddal–Elverum
Hallingdal–Strømsgodset
Birkebeineren–Valdres
Solberg–Mjøndalen
Ørn Horten–Stabæk
Husøy & Foynland–Odd
FK Tønsberg–Østsiden
Notodden–Asker
Pors Grenland–FK Arendal
Flekkerøy–Lyngdal
Ålgård–Egersund
Vidar–Staal Jørpeland
Stavanger IF–Vard Haugesund
Brodd–FK Haugesund
Vaulen–Viking
Avaldsnes–Sandnes Ulf
Kopervik–Bryne
Øystese–Arna Bjørnar
Hovding–Brann
Vadmyra–Åsane
Nest Sotra–Sotra
Førde–Florø
Tornado Måløy–Sogndal
Herd–Kristiansund BK
Brattvåg–Hødd
Larsnes Gursken–Aalesund
Elnesvågen & Omegn–Molde
KIL Hemne–Ranheim
Buvik–Rosenborg
Tiller–Nardo
Steinkjer–Strindheim
Mjølner–Harstad
Tromsdalen–Skarp
Fløya–Senja
Bossekop–Alta
Kirkenes–Tromsø
Torsdag 18/4
Raufoss–Fjellhamar/Sander
Herkules–Sandefjord
Vindbjart–Donn
Fyllingsdalen–Fana
Træff–Skarbøvik
Byåsen–Stj./Blink
Levanger–Mo
Junkeren–Bodø/Glimt
NRK har rettane til å senda kampane på TV/web. Sendeskjema vil bli offentleggjort seinare.