Det skjedde mindre enn eitt døgn etter at han scora
i den første kampen i semifinalen i ligacupen.Det er ikkje opplyst på nettsida til klubben kor lang avtale det er snakk om.
– Eg er svært glad. Det er ein stor dag for meg og familien min, seier Gerrard.
Gerrard debuterte for Liverpool som 18-åring i november 1998. Han har scora 144 mål på 566 kampar for klubben. I tillegg er det blitt 19 mål på 89 kampar for det engelske landslaget.
Dette er klubben eg elskar, og dette er klubben eg har støtta sidan eg var ein liten gut. Eg lever draumen som kaptein for ein av dei største klubbane i verda, seier Gerrard, som også er tilbode ei ambassadørrolle i Liverpool når den aktive karrieren er over.