Bach er frå Würzburg i delstaten Bayern, og var
. Seks kandidatar konkurrerte om det olympiske toppvervet. Bach blir den niande presidenten i IOCs 119 år lange historie, og vann ein klar siger i avrøystinga.– Det var det beste valet IOC kunne gjort. Bach er ein svært ryddig person, og vil bli ein god president, seier Arne Myhrvold til NRK.
Myhrvold var president for Norges Olympiske Komité før og under Lillehammer-OL, og var seinare sportsdirektør for paraplyorganisasjonen for dei europeiske OL-komiteane.
– Eg kjenner Thomas Bach som ein god leiar. Dei andre kandidatane kjenner eg ikkje, men eg veit dette var eit godt val, seier Myhrvold.
– Svekkjer ikkje Oslos sjansar
– Det er ingen grunn til å frykte at valet av Bach vil svekke sjansen for norsk OL i 2022. Han skal ikkje stemme sjølv når avgjerda skal falle, og det er ingen grunn til å tru at han vil favorisere München, seier Myhvold.
Han vart vald i andre avstemmingsrunde. I den første vart C.K. Wu slått ut. Han og Ser Miang Ng frå Singapore fekk like mange røyster, men Wu tapte omrøystinga.
Bach har vore ein av visepresidentane i IOC sidan 2006, og har lenge vore sett på som kronprinsen etter Jacques Rogge, som gir seg etter 12 år. Den 59 år gamle advokaten har vore IOC-medlem sidan 1991.
– Kva kan vi vente av IOC framover med Bach ved roret?
– Ingen store endringar. Det er uansett administrasjonen som styrer det meste. Bach vil vidareføre IOC i det sporet Jacques Rogge har lagt, seier Arne Myhvold.
– Han får store utfordringar
IOC-medlem Gerhard Heiberg gir også ros til tyskaren.
– Dette er eit godt val. Vi får ein president som forstår at han må jobbe for å halde heile organisasjonen saman. Han kjem til å få store utfordringar, og det kan han takle. Han har vore i IOC i mange år og kjenner både medlemmene der og administrasjonen. Eg trur dette kan bli veldig bra, seier Heiberg til NRK.
– Kva betyr det at han er tysk og at München kan bli konkurrent til Oslo om 2022-OL?
– Det har vi snakka om fleire gonger. Han vil avvente. Tyskland vurderer også å søke om sommar-OL i 2024. Og det skal uansett haldast folkerøysting i München-området først. Eg vil ikkje meine noko om dette no, seier Gerhard Heiberg.
Kritisert for Kuwait-kontakt
Men tyskaren har også vore kritisert for i litt for sterk grad å vere "i lomma" på ein kuwaitisk sjeik, Ahmad Al-Fahad Al-Sabah, den inflytelsesrike leiaren av forbundet av alle dei nasjonale OL-komiteane.
Sjeiken har eit enormt kontaktnett, ikkje minst i Asia. Det var truleg han som sikra fleirtal til Tokyo og "finaleplass" til Istanbul framfor Madrid då OL 2020 vart tildelt laurdag. Han støtta Bach i valet.
I den andre runden fekk Bach meir enn halvparten av røystene og er dermed ny IOC-president.
Den første OL-tildelinga Bach skal leie, blir vinter-OL i 2022. Der kan det godt bli OL mot München frå Bachs eigen tyske delstat.
Mange hadde håpa at IOC no skulle få sin første president frå utanfor Europa eller USA, men det skjedde ikkje. Han blir den åttande europeiske IOC-presidenten, i tillegg til amerikanaren Avery Brundage.
Men Bach er iallfall den første IOC-presidenten som sjølv har tatt OL-gull. Det skjedde i 1976, då han var på det tyske gull-laget i florett i Montreal.