På førehand håpa fleire i Brann-leiren på å møte nettopp førstedivisjonslaget Hødd i semifinalen i fotball-NM.
I Hødd-leiren håpa dei på Brann, og fekk ønsket oppfylt.
– Eg er Brann-supporter. Men det er likevel fantastisk å få dei hit. Vi kunne ikkje fått det betre, seier Hødd-trenar Lars Arne Nilsen til NRK.no.
– Det er mogleg å slå dei. Brann har alt presset på seg her. Vi skal bare ha ei stor oppleving, og gjøre det vi kan, legg han til.
Tidlegare Brann- og Hødd-helt i ekstase
Ein som også har grunn til å glise er Geir Hasund (41), som får sjå begge favorittlaga i aksjon på Høddvoll.
Hasund sendte Brann til cupfinale i 1995, men kjem frå Ulsteinvik, der han har fleire år i Hødd-trøya.
- TILBAKEBLIKK: Sjå Hasund sende Brann til cupfinale her!
Framfor semifinalen er han klar på kven av favorittane han vil juble mest for.
– Når Hødd og Brann møtes i semifinalen, har eg garantert eit favorittlag i cupfinalen. Eg føler fortsett stor tilknytning til Bergen og Brann. Men eg er jo fødd og oppvaksen i Ulsteinvik, så eg må vel innrømme at følelsane bikkar den vegen, seier Geir Hasund.
- LES MEIR: Hasund: – Brann var drømmemotstanderen
Vanskeleg for Molde
Hødd var rekna som den svakaste motstandaren i semifinalegruppa med eliteserielaga Molde, Tromsø og Brann.
Sistnemnde kunne juble då det blei klart at dei får reise til Møre og Romsdal for å spele semifinalen sin der.
Fjorårets seriemeister, Molde, må til Tromsø for å kjempe om finaleplass.
– Tromsø er vel kanskje den verste motstandaren Molde kunne få, så eg er ikkje fornøgd, sa tidlegare Molde-profil Arne Legernes, som trakk Moldes motstandar.
I Ishavsbyen er trenar Per-Mathias Høgmo .
– Vi er veldig fornøgd med å få heimekamp, og eit fullsett stadion mot Molde. Det er gode sjansar for å nå finalen, seier Høgmo.
Semifinalane i herreklassen:
- Hødd - Brann
- Tromsø - Molde
Semifinalane i kvinneklassen:
- Amazon Grimstad - Stabæk
- Arna Bjørnar - Røa