Det er den rekorden Lionel Messi kan tangere eller slå laurdag, og det i sjølvaste El Clasico på Santiago Bernabeu i Madrid.
Messi har scora 250 gonger i ligaen sidan han debuterte for Barcelona i 2004. Telmo Zarra scora 251 ligamål for Athletic Bilbao mellom 1940 og 1955.
Alle veit kven Messi er. Men kor mange veit om mannen han kjem til å slå?
– Far hadde elska Messi fordi han er ein fin person både på og utanfor banen, seier Carmen Zarra.
– Eg vil mykje heller at Lionel Messi skal slå rekorden enn at Cristian Ronaldo skal gjere det. Messi er ein mann eg likar, seier Zarra.
Kven var denne Telmo Zarra som Lionel Messi snart kjem til å slå – på laurdag eller seinare i haust?
«Nok fotballproffar i denne familien»
Telmo Zarro var nummer sju i ein syskenflokk på 10. To av dei eldre brørne hans var profesjonelle fotballspelarar, og det meinte foreldrene var nok i ein familie. Derfor oppmuntra dei han så godt dei kunne til å velje ein annan leveveg enn fotball.
Men i dei harde 30-åra måtte ein ta pengande der dei var, og unge Telmo viste seg snart å vere god – så god at toppklubbane la merke til det. «Telmito den fryktelege» var oppnamnet han fekk.
Etter eit år i Segunda Division fekk han i 1940 kontrakt med La Liga-klubben Athletic Bilbao. Han var ein del av den nye generasjonen som skulle føre Athletics suksessrike lag frå 1920- og 30-talet vidare.
Han debuterte mot Valencia som 19-åring 29. september 1940, og scora sitt første mål etter 17 minutt av debutkampen.
The Double i 1943
Med «Los Leones», som Athletic vart kalla, vann Zarra sine første trofé med siger i både liga og cup i 1943. I finalen av «Copa del Generalisimo», som cupen heitte i Franco-tida, slo dei Real Madrid, og Zarra scora kampens einaste mål.
Zarra fekk etterkvart eit namn over heile Europa for måten han terroriserte forsvar på. Headingane hans gjekk det gjetord om. Toppen nådde han i sesongen 1950-51 med 38 mål på 30 kampar, ein rekord som stod i nesten 40 år. Han og vart spansk toppscorar totalt seks gonger før han gav seg i klubben i 1955, 34 år gammal.
Zarra trappa ned i 2. divisjon, og var deretter med i ein klubb for baskiske veteranar som spela til inntket for veldedige føremål.
20 mål på 20 landskampar
På landslaget vart det berre 20 kampar. Ein av grunnane var andre verdskrig, som førte til at han ikkje fekk sin debut før i 1945. Han scora likevel 20 mål på desse landskampane, mellom dei fire i 6-2-sigeren over Sveits i 1951. I VM i 1950 scora han i 1-0-sigeren over England, ein siger som sende England heim og Spania til dei fire i finalegruppa.
I kontrakten med Athletic stod det at han skulle ha sin testimonial, men den fekk han ikkje før i 1997.
Han døydde i 2006 i heimen sin i Bilbao, 85 år gammal.
– Fotballfans over heile verda kjem alltid til å hugse han. Han var ein av dei beste angrepsspelarane eg nokon gong har sett. Og han er ein stor del av historia til denne klubben, sa klubbpresident Javier Lamikiz.
Det må ein Messi til for å overgå den baskiske storscoraren.