Video 7ae6b3f6-3f14-47d7-81a9-8fccae39b37f.jpg - Foto: Nyhetsspiller /

VIDEO: Spelarar og trenarar barka saman i masseslagsmål i israelsk fotball.

Nytt masseslagsmål rystar Fotball-Israel

– Eg såg døden i kvitauget, seier assistenttrenar.

Netanjahu - Masseslagsmåla i israelsk fotball har fått statsminister Benjamin Netanyahu til å rase. - Foto: POOL / Reuters

Masseslagsmåla i israelsk fotball har fått statsminister Benjamin Netanyahu til å rase.

Foto: POOL / Reuters

«Eg har aldri opplevd ein meir valdeleg og motbydeleg samanstøyt i løpet av mine 27 år som aktiv dommar».

Desse sterke orda skreiv kampdommar Meir Levy etter oppgjeret som sjokkerte heile Fotball-Israel, og sette ein effektiv stoppar for seriespelet i landet denne helga.

Mot slutten av fredagens hatoppgjer mellom erkerivalane Bnei Lod og Hapoel Ramat Gan, som begge kjempar om ein direkte opprykksplass til israelsk eliteserie, braut det nemleg ut eit brutalt masseslagsmål.

Både spelarar og trenarar kasta seg inn i kampen, og delte ut både slag og spark.

Etter episoden, som gjekk direkte på israelsk TV, frykta det israelske fotballforbundet at fleire oppgjer skulle resultere i slagsmål. Dermed blei både eliteserierunden og resten av førstedivisjonsrunden utsett.

– Eg stoppar kampane fordi eg ikkje vil at vi skal oppleve dødsfall, sa fotballforbundets president, Avi Luzon, til Israels Channel 2.

Statsministeren: – Meir vald, null fotball

Oppgjeret skakar israelsk fotball for andre gang på kort tid. For mindre enn tre veker sidan braut det ut masseslagsmål i kampen mellom eliteserielaga Maccabi Petah Tikva og Hapoel Haifa. Også der var både spelarar og trenarar involvert.

Valdsepisodane har fått statsminister Benjamin Netanyahu til å sjå raudt. Han truar med å stoppe all fotball på ubestemt tid om det utanomsportslege held fram med å overskugge toppfotballen.

– Vi må fjerne all vald frå fotballarenaen. Vi kan ikkje sjå slag, spark og høyre stygge ord. Vi vil sjå fotball. Om det blir meir vald, vil det ikkje bli fotball, sa statsministeren til Jerusalem Post.

Også Israels eldste avis, Haaretz, er på ballen.

«Problemet er ikkje fotballen. Det er kulturen i samfunnet vårt,» skriv kommentator Shlomi Barzel, ifølgje Times Of Israel.

Han samanliknar det heile med Englands problem med hooligans og NBAs dopingproblem på 80-talet.

Les meir under biletet.

Israel - Det var fritt fram då erkerivalane Bnei Lod og Hapoel Ramat Gan møtte kvarandre i kampen om opprykk til israelsk eliteserie. - Foto: Skjermdump / EVN

Det var fritt fram då erkerivalane Bnei Lod og Hapoel Ramat Gan møtte kvarandre i kampen om opprykk til israelsk eliteserie.

Foto: Skjermdump / EVN

Assistenttrenar i husarrest

Ifølgje dommarrapporten etter møtet mellom Ramat Gan og Bnei Lod, er heile tolv spelarar frå begge lag, Lods trenar og assistenttrenar peikt ut som skuldige etter bråket.

Alle må møte i forbundets disiplinærkomité torsdag.

Fire personar blei lettare skada etter dramaet.

Politiet pågreip to personar etter bråket. Bnei Lods assistenttrenar sit no i husarrest.

– Vis meg ein person på denne planeten som ikkje ville forsvart seg om han fekk slag direkte retta mot seg sjølv. Eg såg døden i kvitauget, sa Suleiman Azbarga i ein forsvarstale til Channel 2.

Les meir under biletet.

Avi Luzon - Fotballpresident Avi Luzon stoppa all fotball i Israels to øvste divisjonar etter masseslagsmålet fredag. Her saman med FIFA-president Sepp Blatter. - Foto: Sebastian Scheiner / Ap

Fotballpresident Avi Luzon stoppa all fotball i Israels to øvste divisjonar etter masseslagsmålet fredag. Her saman med FIFA-president Sepp Blatter.

Foto: Sebastian Scheiner / Ap

Presidenten: – Ikkje bare min kamp

Fotballpresident Luzon er no ein pressa mann, og vil jobbe på spreng for å få slutt på valden for godt.

– Som president forstår eg at alle ser mot meg, men dette er ikkje bare min kamp, sa han i ein tale til israelsk presse.

– Denne kampen må kjempast av alle lag, fansen og heile landet. Vi må foreinast og nå våre mål. Eg garanterer at vi skal nå dei måla. Vi vil slåst mot valden på vegen mot ei betre framtid for oss og barna våre, sa Luzon.

Han vil danne ein komité som skal jobbe med forslag til endring av fotballkulturen i Israel. Dei har 60 dagar på seg til å konkludere.

Fotballnyheter

Videoklipp

Malmötrener Åge Hareide på pressekonferansen etter 5-0 tapet for Athletico Madrid i mesteligaen.

Åge Hareide etter kampen mot Athletico Madrid

Malmötrener Åge Hareide på pressekonferansen etter 5-0 tapet for Athletico Madrid i mesteligaen.

Liverpools manager, Brendan Rodgers, etter tapet for Real Madrid i mesterligaen.

Liverpools manager etter tapet for Real Mdrid

Liverpools manager, Brendan Rodgers, etter tapet for Real Madrid i mesterligaen.

Sammendrag, runde 27: Rosenborg - Vålerenga

Sammendrag, runde 27: Rosenborg - Vålerenga

Sammendrag, runde 27: Rosenborg - Vålerenga

Sammendrag, runde 27: Strømsgodset - Lillestrøm

Sammendrag, runde 27: Strømsgodset - Lillestrøm

Sammendrag, runde 27: Strømsgodset - Lillestrøm