I løpet av dagen eller morgondagen set den nytilsette Aalesundstrenaren Jan Jönsson seg på flyet til Gran Canaria for å treffe spelarane som er der på treningsleir.
Han gler seg til å verte kjend med oransjetrøyene. Heilt framand er dei ikkje for svensken, som har vore I Noreg i åtte år som trenar for Stabæk og Rosenborg.
– Eg er imponert over korleis laget klarer å fylle stadion på kvar kamp, seier Jönsson.
Sikla ikkje på jobben
Kjetil Rekdal sin avgang kom brått på. Er dette ein jobb du har sikla på?
– Nei, absolutt ikkje. Eg var oppteken med min eigen jobb i Rosenborg, seier Jönsson. Han var først litt tvilande då han vart kontakta, men etter nokre vekers tenketid sa han ja.
No skal han lære spelarane å kjenne.
– Eg veit at det allereie finst ein heil del gode spelarar i laget, seier nytrenaren.
Har tru på Jönsson
Klubbdirektør Henrik Hoff er nøgd med at svensken skreiv under kontrakten.
– Vi har trur på at han kan vidareutvikle trenarteamet og laget vårt. Vi har tru på spelargruppa, og vi trur Jan Jönsson er den rette mannen til å leie arbeidet framover, seier Henrik Hoff.
Daniel Arnefjord som er kaptein på laget trur også svensken var rett val.
– Han verkar som ein bra trenar, seier Arnefjord.