– Det er første gang i klubben si historie vi får sjansen til å spele europacup, og då hadde det vore veldig spanande og kjekt dersom vi fekk avvikla den kampen heime på Høddvoll, seier dagleg leiar i Hødd, André Nevstad.
Då Hødd overraska eit heilt fotball-Noreg med å vinne cupfinalen mot Tromsø 25. november i fjor, sikra den tradisjonsrike klubben seg samstundes ein plass i kvalifiseringa til Europaligaen. Hødd er difor «berre» tre kvalifiseringsoppgjer vekke frå ein plass i gruppespelet i ei av Europa sine gjævaste klubbturneringar.
- Les også: Askeladden vant kongepokalen: – Ubeskrivelig fantastisk deilig
- Les også: Nyland: – Helt sinnsykt deilig!
Det er framleis uavklart kvar den første kvalifiseringskampen skal gå, grunna usikkerheit kring kva fasilitetar og forhold som UEFA krev. Difor gjer Hødd no eit framstøyt for å prøve å få kampen lagt til Høddvoll.
Realistisk sjanse
Hødd-leiaren meiner klubben har ein realistisk sjanse til å få godkjent søknaden.
– Vi har fått enkelte indikasjonar på at det er mogleg å spele den kvalifiseringsrunda vi kjem inn i heime på Høddvoll, seier André Nevstad.
Nevstad fortel vidare at forhold som at kampen blir spelt i juli, då det er lyst og fint ute, samt at grasmatta vil vere i flott stand på denne tida av året, kan ha noko å seie når søknaden skal vurderast.
Flomlys og ekstra tribunekapasitet blir ikkje nødvendig i følgje Nevstad.
Hødd er inne i ein prosess der klubben skal kartleggje kva som må på plass i forhold til krav frå Norges Fotballforbund og UEFA.
– Vil ha mykje å seie
André Nevstad legg ikkje skjul på at ein eventuell kamp på Høddvoll vil ha mykje å seie for klubben.
– Både sportsleg og historisk sett vil det heilt klart vere mest gunstig om vi får spele kampen på det som verkeleg er heimebana vår.
– Det betyr også mykje for sjølve identiteten til klubben og omgjevnadane våre. Eg kan ikkje tenkje meg mykje som hadde vore gjævare enn å få spele europacup på ærverdige Høddvoll, no når vi skal spele vår siste heile sesong her, seier André Nevstad.
Nye Høddvoll skal byggjast berre eit steinkast frå det noverande stadionanlegget, og vil i følgje Nevstad stå klar i løpet av våren 2014. Den nye kamparenaen vil ha ein kapasitet på om lag 2500 tilskodarar.
- Les også: Går mot ny stadion for Hødd
Annan stadion ved avansement
Andre alternativ for kvalifiseringskampen har tidlegare vore nemnt, mellom anna Color Line Stadion i Ålesund eller Aker Stadion i Molde.
– Vi må uansett finne ein annan stadion å spele på dersom vi kjem oss vidare frå den første runda. Vi møter truleg eit lågare rangert lag i den første kampen, men møter nok på mykje større lag desto lengre i turneringa vi kjem oss, seier Nevstad.