– Det blir meir jamt enn nokon sinne, seier Arne Scheie.
Han meiner Rosenborg, Vålerenga og Viking peikar seg ut som dei sterkaste medaljekandidatane i årets eliteserie, som opnar med Sarpsborg 08 mot Molde fredag.
- Kven trur du er dei sterkaste og svakaste i årets eliteserie? Sei meininga di nedst i saka!
På nedrykksplassane tippar Scheie at Sogndal og Sarpsborg vil ligge etter 30 spelte kampar.
SJÅ VIDEO:
Vanskeleg å tippe
Men å rangere laga som hamnar på plassane mellom medalje og jumbo er praktisk talt umogleg, ifølgje Scheie.
– Eg kan jo seie Tromsø på fjerdeplass. Men eg tenker at det blir jamt og veldig spennande i Eliteserien i år, seier han.
Nesbø: – Rosenborg er svekka
Ein annan NRK-ekspert, Knut Nesbø, er einig med Scheie i at Eliteserien framstår som jamnare enn på lenge.
– Rosenborg er svekka i forhold til i fjor, noko som gjør at eg for første gang på 16 år ikkje er sikker på kven som vinn, seier Nesbø.
Han peikar på at fleire klubbar enno er økonomisk pressa, og at dei ikkje har nokon garanti for å kunne behalde spelarar.
– Dette gjeld spesielt Tromsø og Stabæk, men også Start, Strømsgodset, Fredrikstad og Brann. Fleire av laga er også sårbare for skader på nøkkelspelarane, seier Nesbø.
Og like sikkert som at overraskingslaga slår til, kjem også enkelte klubbar til å skuffe.
– I fjor gjaldt det Molde, Brann og Viking. Vålerenga kan fort vere det laget i år. Kva skjer viss det blir skader på Shelton og Fellah, og om Koné ikkje slår til? seier Nesbø.
- SJÅ: NRK-ekspertane sine tips
Northug: – Brann rykkar ned
Også dei norske skistjernene kastar seg på i debatten om kven som hamnar øvst i norsk fotball.
Petter Northug naturleg nok at Rosenborg stikk av med trofeet også i år.
– Vålerenga blir den sterkaste utfordraren. Brann rykkar ned, seier Petter Northug.
Skiskyttar Emil Hegle Svendsen har også dei kvitkledde trønderane som sin storfavoritt.
– Er det ikkje sånn i fotball at dei som har mest pengar er best då? spør Emil Hegle Svendsen.
- RESULTATSERVICE: Eliteserien 2011
Og ein treng ikkje vere skistjerne frå trøndelag for å meine at Rosenborg står øvst på tabellen også i år.
– Eg kjem frå Lillestrøm, så det er veldig hardt for meg å spå at Vålerenga vinn serien. Då er det lettare å tippe på trøndarane, seier alpinist Aksel Lund Svindal.
(artikkelen held fram under biletet)
Katastrofe på Romerike?
Men for Lund Svindal sin klubb, Lillestrøm, kan det bli ein katastrofal sesong. Det meiner fotballekspert Erik Strand.
– Folk på Romerike ventar enno at klubben skal vere i toppen, men det har vore uro i spelargruppa, og difor har eg tippa dei ned. Men dei kan fort gjøre det betre også, seier NRK-eksperten.
I likskap med Scheie og Nesbø ser Strand at det blir vanskeleg å tippe tabellen utanfor topp og botn.
– Det er mange lag som har ganske like føresetnadar, og det er få i midtskiktet som utmerkar seg i forhold til spelarstall, seier Strand.
- SJÅ: NRK-ekspertane sine tips