Hopp til innhold

Betaler dyrt for grønt gras på Ullevaal

Banemannskapet på Ullevaal jobbar på spreng for å få graset til å gro i vinterkulda. Om bare ein månad møtest Norge og Danmark til «slaget om Norden».

Snødekt Ullevaal

Banemannskapa jobbar på spreng for å fjerne snøen frå Ullevaal-matta.

Kjell Borgersen

Stadionsjef Kjell Borgersen håpar på mildver.

– Det er jo litt kontrastar. Litt oppi lia her trenger dei jo snø, og vi vil bli kvitt den. Men det er bare ein månads tid til årets store kamp her mot Danmark, seier stadionsjef på Ullevaal, Kjell Borgersen.

Stadionsjef Borgersen siktar sjølvsagt til VM arrangøren i Holmenkollen som håpar at vintervêret held seg. Det gjer ikkje banemannskapet på Ullevaal som i dag fjerna all snø frå Ullevaal-matta.

– Vi brukar ein del ekstraressursar på å fjerne snøen her. Det vil koste ein del hundre tusen å få bana klar til kampen 26. mars. Dette er er kostbart, seier Borgersen.

Håpar på mildvêr i VM-vekene

På Ullevaal har dei latt snøen ligge så lenge som mogleg for å bevare underlaget i kulda. No håpar Borgersen på mildvêr fram mot Norges møte med Danmark om ein månad.

– Det verste for graset er kraftig kulde når snøen er vekke. Då kan det bli ei stor utfordring å få graset til å vekse, seier Borgersen.

I tillegg til snøfjerninga må banen varmast opp med lysriggar. Det kostar nokre hundre tusen i ekstrautgifter.

Difor skal det sprengjobbast med å få grasmatta så grøn som mogleg fram til kampen.

Artikkelen fortsetter

Snødekt Ullevaal 2

Slik ser Ullevaal-bana ut i dag.

Satsar alt på at bana blir klar

I tillegg har Borgersens menn ei stor oppgåve med å halde snøen vekke frå tribuna.

– Det er også ei utfordring. Kjem det mykje snø må vi rydde tribuna slik at publikums sikkerheit blir ivaretatt. Det er jo det aller viktigaste, seier Borgersen.

– Men bana blir klar i tide?

– Eg trur ikkje det er noko problem med graset. Det blir kamp, seier Borgersen lattermildt.

Fotball