Det internasjonale skiforbundet bestemte i går kveld at det skal arrangerast eit ekstra renn i Vikersund fredag, som erstatning for det avlyste Holmenkollrennet.
Det betyr at rennet i 134-metersbakken i Kollen blir skifta ut med eitt i 225-metersbakken i Vikersund.
Det har ikkje landslagssjefen det minste imot.
– Hopparane gler seg stort til å hoppe i Vikersund. Det er den største skiflygingsbakken i verda, og vi har gode resultat der dei siste åra, seier Stöckl til NRK.
Det var der Anders Fannemel sette verdsrekord med 251,5 meter i fjor. No blir det eit renn ekstra i kjempebakken, i tillegg til dei planlagde renna laurdag og søndag.
Sjå Fannemels rekordhopp (artikkelen held fram under videoen)
Gode resultat i VM
– Det er positivt for oss. Vi har gode skiflygarar som likar bakken, seier landslagssjefen, og minner om gode norske resultat i skiflygings-VM i Kulm tidlegare i vinter. Der tok Kenneth Gangnes sølv individuelt, og Norge var knusande overlegne i lagkonkurransen.
– Vi har fleire som kan gjere det godt i Vikersund, og det er alltid ein fordel når fleire kan henge med i toppen, seier Stöckl.
Hopparane reiste til Trondheim i går for å hoppe verdscup i Granåsen – kvalifisering i kveld og renn onsdag. Så reiser dei til Norefjell, der dei skal ha base i Vikersund-helga. Som altså no omfattar tre renn.
Tøft program
– Det er eit nokså tett program, ja. Derfor er det viktig å gi dei nok tid imellom til å restituere, ikkje legge inn andre ting enn skihopping.
– Andre ting som kva då?
– Som sponsoropplegg og ekstra fysisk trening. Det treng vi eigentleg, men no er det viktigare å vere klar for skiflyging, seier Alexander Stöckl.
Det er iallfall meldt strålande sol og kaldt vinterver i Vikersund i helga.