– Kan Riiber satse utelukkande på hopp? Eg vil seie ja, seier NRKs hoppekspert Johan Remen Evensen.
– Eg skal ikkje uttale meg mykje om korleis ei skulderskade vil påverke hans vidare karriere, men slik eg forstår det kan det vere utfordrande å forttsette med langrenn når det er fare for at skuldera går ut av ledd igjen. Då er det kanskje like greit å vurdere å satse utelukkande på skihopping, legg Remen Evensen til.
Kominert-kometen Jarl Magnus Riiber si uheldige helg i skisporet toppa seg då han fekk skuldera ut av ledd på sprintstafetten i Lahti. Det skjedde dagen etter at han gjekk feil før oppløpet då han skulle sikre nok ein verdscup-triumf.
– Ekstrem skihoppar
Det er andre gangen i karrieren at Riiber får skuldera ut av ledd, og akkurat no er han usikker på om han kan komme tilbake før sesongslutt.
Skulle det bli for vanskeleg å gå langrenn med ei usikker skulder etter comebacket, er Riiber meir enn god nok til å bli spesialisert skihoppar, meiner Remen Evensen.
– Han har ekstremferdigheiter i hoppbakken. Han har ein kropp som passar veldig godt til sporten. Og han har allereie vist at han kan slå gode, norske spesialhopparar. Alt ligg til rette for Riiber her.
I fjor slo han nemleg både Anders Jacobsen, Tom Hilde, Andreas Stjernen og Joachim Hauer i stor bakke under norgescupen i Vikersund.
Vrien skulder
Det er foreløpig usikkert kva konsekvensar skulderskaden får for Riibers satsing både denne sesongen og resten av karrieren.
Ifølgje langrennsekspert Torgeir Bjørn kan ei slik skade vere ei stor belastning for Riiber så lenge han konkurrerer på ski.
– Langrennsløpar Vibeke Skofterud sleit med skuldera gjennom heile karrieren. Ho har heller ikkje klart å bli kvitt problemet etter at ho la opp, seier Bjørn.
– Det er heilt avgjørande at Riiber får gjort noko med skuldera for å kunne trene for fullt og tør å tråkke til for fullt når det er avgjerande konkurransar, legg han til.
Bjørn trur Riiber snarleg må legge seg på operasjonsbordet for å komme tilbake for fullt inann kort tid.
– Uslåeleg innan to år
Langrennseksperten vil aller helst at 18-åringen får ut potensialet i kombinert før han eventuelt vurderer å spesialisere seg innanfor hoppsporten.
– Han er ikkje bare god til å hoppe. Han er god langrennsteknisk også. Om to til tre år vil han vere umogleg å slå, seier Bjørn.
Og foreløpig er ikkje Riiber inne på tanken om å kun dyrke lange svev i hoppbakken.
Han er meir opptatt av korleis han kan forhindre ei ny skulderskade.
– Eg tenker at eg kanskje kan redusere stavlengda. Eg har eit par tankar om kva grep eg kan gjøre, seier Riiber.