– Det gir den fordelen at eg kan ha med meg alt eg treng – sykkel, rulleski og våpen. Når eg kan parkere i nærleiken av der eg trenar, slepp eg å bruke tid på å finne fram ting.
– Det er positivt for restitusjonen, restitusjonstida går ned. Og i Norge kan ein parkere mykje friare enn i andre land, derfor kan eg parkere nær der eg trenar, seier Bjørndalen.
Han gjer NRK ein eksklusiv kikk rundt i den nye bubilen sin.
– Du kan sjå rett ut i det fri, det er nesten som å bu i friluft, seier Bjørndalen.
No har smørar Svein Ivar Moen køyrt bilen til Östersund, der verdscupen opnar denne veka. Det kan også bli aktuelt å bruke han på fleire verdscuprenn i vinter.
Fire formtoppar til, så er det slutt
Ole Einar Bjørndalen skal vere på topp i halvtanna år til. Men våren 2016 er det slutt på ein lang og stor idrettskarriere.
Før det skal han prøve å bli endå litt betre, og han vil nå formtoppen fire gonger til. To gonger i vinter, og to gonger neste sesong, med VM i Oslo som eit punktum.
– Eg kan bli betre, men ikkje så veldig mykje, seier skiskyttarkongen. – Eg kan bli betre på alle deloppgåver, og på det komplette. Teknikk på ski utviklar seg heile tida, og på skytinga går det i bølgjedalar. Du oppdagar heile tida nye ting, seier Bjørndalen.
– Fantastisk land å reise rundt i
Som også gler seg til å sjå meir av Norge.
– Norge er eit fantastisk land å reise rundt i. Det er mykje ein kan oppleve med bubil. Einn får sett mykje.
– Får du tid til å være bubilturist?
– Ikkje enno. Men neste år har eg iallfall tenkt å oppsøkje litt fleire treningsarenaer.