– Dei er supertøffe. Vi har sett nokre klipp av dei. Vi visste vi måtte gå i krigen dersom vi skulle klare å vinne. Det syns eg vi gjorde, seier Vipers-keeper Katrine Lunde.
I det som var Vipers sin første heimekamp i Meisterligaen nokonsinne, vart det nærast klasseskilnad på dei to laga utover i kampen.
Dei rutinerte Lunde-tvillingane, Linn Jørum Sulland, Kari Brattset og Malin Aune viste at Vipers absolutt kan bite ifrå seg i det gjevaste selskapet i Europa.
Og det mot eit lag som har vore i semifinalen i Meisterligaen dei fire siste åra.
– Sjokkert
Etter å ha fått bank i opningskampen i Frankrike førre helg, var det eit langt meir aggressivt og tøft lag som gjekk på bana heime i Aquarama laurdag ettermiddag.
Det var tydeleg at sørlendingane var førebudde på kva som venta i Buducnost. I 2015 vann laget Meisterligaen etter å ha slått Larvik 26-22.
Men kampen vert nok mest hugsa for det tøffe spelet til Buducnost.
– Er det slik handballen skal vere? Eg er litt sjokkert, sa Anja Hammerseng-Edin etter finalen.
Men tøft spel beit ikkje på rosatrøyene i Vipers. Laget var fullstendig overlegne utover i kampen.
– Vi var rimeleg førebudde på å få juling. Dette er eit lag som kan spele på grensa, men vi hadde bestemt oss for å ikkje gje noko mindre juling sjølv. Eg syns vi endar opp med å vere laget som gjer mest juling, seier Emilie Hegh Arntzen.
Storsiger
Etter å ha gått til pause med 15-11 heldt laget fram med å knuse gjestene sønder og sammen i eigen hall.
Vipers gav seg ikkje før det stod 29-19 og trenar Kenneth Gabrielsen var mektig imponert over heimepublikummet. Før kampen oppfordra han supportarane til å lage ekstra liv, for å skremme motstandaren ut av hallen.
– Publikummet vårt påverka både Buducnost og dommaran, så det var heilt rått, smiler Gabrielsen.
Kristiansandklubben står med ein siger på dei to første kampane i Meisterligaen.