Hopp til innhold

Vil ha cruiseturistar på segltur

Politikarane i Kristiansand vil la over 120 000 cruisepassasjerar få oppleve skjergarden med Fullriggeren Sørlandet.

Fullriggeren Sørlandet skal markedsføre landsdelen på en ny måte. Dersom ordføreren får viljen, kan cruise turister få seiltur med skuta til sommeren.

VIDEO: Flere politikere vil la cruiseturister bruke Fullriggeren Sørlandet.

Odd Salvesen

Odd Salvesen

Foto: Thomas Grønvold/NRK

Arvid Grundekjøn

Ordfører Arvid Grundekjøn

Foto: Thomas Grønvold/NRK
– Eg tykkjer det er ein kjempegod idé. Eg vil tru at cruisefarten må vere ideell for Fullriggeren Sørlandet. Den må sikkert vere populær, seier Odd Salvesen som er politikar i Pensjonstpartiet og tidlegare havnedirektør til NRK.no.

Også varaordførar Jørgen Kristiansen (KrF) tenner umiddelbart på ideen om å opne opp Fullriggeren for cruiseturistar.

– Kjempeoppleving

– Det må jo vere ei kjempeoppleving å få vere med på ein ekte fullriggar i verdas finaste skjergard, seier han.

Odd Salvesen ser føre seg at tilbodet skal marknadsførast om bord på dei kring 70 cruiseskipa som kjem til Kristiansand til sommaren. Her vil turistane ha moglegheit til å melde seg på.

Mange er opptekne av at vi ser Fullriggeren lite lokalt på Sørlandet, trass i at det vert brukt mykje pengar. Difor trur varaordføraren at cruiseturistar kan vere det som skal til for at skipet skal vere oftare på Sørlandet.

– Det kunne vere spennande å få den meir brukt og meir synleg i kristiansandsområdet. Kanskje er det ein idé å bruke den i samband med at vi får 120 000 cruisepassasjerar til Kristiansand.

– Meir betalingsvillige

Ordførar Arvid Grundekjøn har som næringslivsmann tidlegare jobba ein del med cruisetrafikk. No sit han i styret for Fullriggeren.

– Cruisepassasjerar er ute etter unike opplevingar, og dette ville ha vore ei unik oppleving. Eg trur det er ein innertiar forutsett at tala går i hop, seier han.

– Cruisepublikummet er meir betalingsvillige enn lokalbefolkninga. 70 cruiseskip som er booka inn til neste år indikerer at det kan liggje moglegheiter her. Eg har lang er faring med cruise og veit at det som er attraktivt no, er det betalingsvilje for, seier Grundekjøn.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %