Hopp til innhold

UiA får fire nye stillingar

Universitetet i Agder får fire nye stillingar for å styrkje mellom anna lærar- og sjukepleiarutdanninga.

Universitetet i Agder

Det blir oppretta fire nye stillingar ved Universitetet i Agder.

Foto: Sundsdal / Svein Sundsdal/NRK

Det kjem fram i statsbudsjettet som vert lagt fram onsdag føremiddag.

– Regjeringa har varsla at den vil trappe opp satsinga på rekrutteringsstillingar i universitets- og høgskulesektoren kraftig. Det skal trappast opp med 500 stillingar frå 2015 til 2018, seier stortingsrepresentant Norunn Tveiten Benestad frå Høgre i Vest-Agder.

I budsjettet som vert lagt fram onsdag ligg det inne 47 nye rekrutteringsstillingar over heile landet, som skal styrkje forskarutdanning innan profesjonsfaga. Det vil seie fag som sjukepleiar-, lærar-, ingeniør-, og teknologiutdanning.

– UiA er øyremerkt med fire av stillingane. Det tilsvarar ei satsing på 4,5 millionar kroner, seier Tveiten Benestad.

– Regjeringa har sagt at ein både i budsjett og langtidsplanar vil prioritere forsking og utdanning, som kan bidra til å løyse dei store samfunnsutfordringane vi står overfor. Då veit vi at både skule- og helsesektoren er viktige i forhold til det. Å styrkje dei teknologiske miljøa er viktig i forhold til å kunne handtere omstilling i næringsliv og sikre verdiskaping i landsdelen, seier stortingsrepresentanten.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %