Mannen fekk ein truck over seg og døydde på staden.
– Vi har vore på staden og har samla inn informasjon om kva som har skjedd, seier Alf Helgeland i Arbeidstilsynet til NRK.
Det var like før klokka 10 fredag føremiddag at politiet vart varsla om ulykka. 18-åringen var i ferd med å løfte last av ein tilhengar då trucken han sat i velta.
– Vi har snakka med kollegaer av han som var i nærleiken. Meir kan vi førebels ikkje seie om det som har skjedd, seier Helgeland.
Han seier at Arbeidstilsynet førebels ikkje har konkludert med kva som førte til ulykka.
Også krimteknikarar frå politiet har undersøkt staden.
Kriseteamet i Lillesand er kopla inn etter dødsulykka.
– Vi har forsøkt å skaffe oversikt over kven som er berørt og vil tilby bistand til dei som er berørte, seier Hilde Enoksen i kriseteamet.
Ifølgje politiet skal arbeidskollegaer av 18-åringen ha forsøkt å få han laus. Då lege kom til staden vart han erklært død.