Hopp til innhold

Har svindla staten for 71,5 millionar

417 personar så langt i år har svindla staten for over 70 millionar kroner. Det viser tal frå Nav.

Video Nav avslører trygdesvindel

Nordmenn har svindla staten for til saman 71,5 millionar kroner så langt i år.

Foto: Nyhetsspiller

– Eg tykkjer det er veldig sært. Du kan ha utruleg mange årsverk for 71 millionar kroner i skulen, helsetenesta eller i teknisk etat, som skal passe på bygningane i kommunen til dømes, seier stortingsrepresentant frå Arbeiderpartiet i Vest-Agder, Kari Henriksen til NRK.

Kari Henriksen

Stortingsrepresentant Kari Henriksen (Ap).

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Tala går fram i 1. tertialrapport for 2013 frå Nav.

Enklare å avsløre

Det er i Oslo og Akershus dei fleste trygdesvindlarane er tekne. Til saman 133 personar har motteke rundt 20 millionar kroner dei ikkje har krav på.

Dei fleste tilfella er svindel av dagpengar. Til saman har 263 personar motteke 33 millionar kroner dei ikkje har krav på i form av dagpengar.

Henriksen påpeikar at ei lovendring i Stortinget skal gjere det lettare for Nav å fange opp trygdesvindel.

No får dei tilgang til ulike register hos Skattetaten, Brønnøysundregistra, Utlendingsdirektoratet, Toll- og avgiftsdirektoratet og Posten.

– Dei vil etter bestemte reglar kunne hente inn informasjon, som gjer at dei kan få ei mykje betre oversikt over faktiske forhold knytt til personleg økonomi når personar mottek pengar frå det offentlege, seier ho.

Meir enn i fjor

På same tidspunkt i fjor var det avslørt trygdesvindel på til saman 63,9 millionar kroner. Henriksen meiner difor det er viktig å ha fokus på området.

– Det er viktig å halde auge med at pengane som går ut frå felleskassa gå til det som det er tenkt til, seier Henriksen.

– Det har vore ei auke i det totale bilete når det gjeld trygdesvindel dei siste åra, seier ho.

Trygdesvindel 1. tertial 213

Fylke

Antal personar

Beløp

Østfold

17

2 544 593

Akershus

59

8 534 930

Oslo

74

11 899 557

Hedmark

18

3 828 686

Oppland

14

2 253 274

Buskerud

29

4 774 842

Vestfold

28

6 051 940

Telemark

24

4 545 846

Aust-Agder

1

122 968

Vest-Agder

16

2 315 945

Rogaland

35

5 698 834

Hordaland

19

6 046 653

Sogn og Fjordane

0

0

Møre og Romsdal

20

4 057 519

Sør-Trøndelag

10

1 867 008

Nord-Trøndelag

11

906 302

Nordland

18

2 390 365

Troms

12

1 954 757

Finnmark

12

1 766 876

Busett i utlandet

0

0

Totalt

471

71 560 895

Ekspander/minimer faktaboks

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,85 kr
Dyrest kl. 08 1,73 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %