– Vi har arrestert sju personar som vil bli melde for vald mot politiet, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Miriam Stausland til NRK.
Supportarar frå Start og Vålerenga barka saman utanfor stadion før kampstart.
– Vi ser alvorleg på saka. Dei sju blir tekne inn og vert bøtelagde. Det kan verke som om dette er folk som har vore ute etter bråk, seier innsatsleiar i politiet, Stig Vang.
Presseansvarleg i Start, Roy Emmanuelsen, seier at han ikkje kjenner til supportarbråket.
– Eg har ikkje fått noko melding om dette, men eg har ikkje snakka med våre folk som har ansvar for sikkerheit, seier han.