– Vi har lyst til å gå ut å drepe kampen ganske fort. Vi kjem til å gå ut i hundre for å prøve å få det første målet, seier Kristine Meland til NRK før kampen laurdag
Også i fjor måtte Grimstad-klubben ut i kvalifisering for å forsvare plassen i landets øvste divisjon. Der møtte dei Sarpbsorg 08, som altså er motstandar også i år.
Vil unngå kvalik-reprise
I fjor tapte dei den første kampen, men vann bortekampen i Sarpsborg og sikra dermed ny kontrakt i Toppserien.
– Vi veit godt korleis det føltest. Det er greit å ha den erfaringa frå i fjor. Eg trur vi lærte mykje av det og trur vi skal unngå det. Men vi må vere topp skjerpa for å klare det, seier Meland.
Også assistenttrenar Jahn Robert Holmgren trur laget er godt rusta til å slå Østfold-klubben.
– Dette er kampar som betyr veldig mykje for oss. Men vi er fulle av sjølvtillit etter gode kampar den siste tida. Vi gler oss veldig, seier han.
Opptur i sesongavslutninga
Amazon Grimstad avslutta nemleg seriespelet med to strake sigrar. Klubben slo Medkila 3-1 på bortebane då dei sikra kvalifiseringsplassen.
I siste serierunde slo dei allereie nedrykksklare Grand Bodø 3-1 på heimebane.
– Det betyr mykje. Vi kan gå inn i Sarpsborgkampen med meir tryggleik i spelet vårt både offensivt og defensivt. Eg føler vi er klar for å komme i gang, seier Kristine Meland.
Kampstart på Levermyr stadion er klokka 13. Returkampen i Sarpborg vert spelt neste helg.