Hopp til innhold

Set ikkje i gang nye søk etter sakna mann

Hovudredningssentralen vil ikkje sette i gang nye søk etter 20-åringen som vart meldt sakna på ein lastebåt onsdag.

Leteaksjon etter savnet 20-åring

Ein 20 år gammal mann er sakna på sjøen mellom Kristiansand og Søgne.

Foto: Inger-Lise Hansen/NRK

– Dersom det ikkje kjem nye observasjonar eller funn vert det ikkje sett i gang nye søk, seier Bjørn Magnussen på Hovudredningssentralen til NRK.

Comabar

20-åringen jobba på lasteskipet Comabar. Skipet ligg til kai i Kristiansand.

Foto: Sindre Hopland/NRK

Det var i 10-tida onsdag at mannen vart meldt sakna på eit lasteskip. Mannen vart sist observert på skipet to timar tidlegare.

Mannskapet melde 20-åringen sakna då dei ikkje fann han om bord på skipet.

Politiet har no konkludert med at mannen truleg har falle i sjøen.

– Tilsette om bord på lasteskipet er avhøyrt, og ingenting tyder på noko kriminelt, seier Jahn Ove Thorsen, politoverbetjent i Søgne til NRK.

Tre helikopter og ei rekkje båtar deltok i omfattande søk på sjøen mellom Kristiansand og Søgne onsdag.

Leiteaksjonen vart avslutta onsdag kveld utan funn.

Leteaksjon etter savnet 20-åring
Foto: Inger-Lise Hansen/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,62 kr
Dyrest kl. 18 1,39 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %