Hopp til innhold

20-åring kan ha falle over bord frå lasteskip

Ein 20 år gammal mann kan ha falle over bord frå eit lasteskip sør for Søgne i Vest-Agder.

Leteaksjon etter savnet 20-åring
Foto: Inger-Lise Hansen/NRK

Tre redningsskøyter, to redningshelikopter og luftambulanse deltek i søket etter mannen.

– Vi har fått opplyst at han er ein del av besetninga på lasteskipet, seier Per Fjell ved Hovudredningssentralen Sør til NRK.

Dei vart varsla like over klokka ti onsdag føremiddag.

– Ein person er meldt sakna på eit lasteskip og mest truleg falle over bord. Vi har tre redningsskøyter på veg til området, seier beredskapssjef i Redningsselskapet, Ronny Pedersen til NRK.

Sea King helikopter fyller drivstoff på Kjevik

To Sea King-helikopter fyller drivstoff på Kjevik.

Foto: Inger-Lise Hansen/NRK

Norsk statsborgar

Den sakna 20-åringen er ein norsk statsborgar. Mannen skal sist ha blitt sett på skipet ved 8-tida onsdag morgon.

Kollegaer av mannen har leita etter han om bord på skipet, men har ikkje funne han. Difor vart det sett i gang ein omfattande leiteaksjon.

– Lasteskipet deltek også i søket, seier Fjell i Hovudredningssentralen.

Ifølgje Hovudredningssentralen er vêrforholda gode i området. Dette gjer leitinga lettare.

Mann falt i sjøen

Fleire skip leitar i området utanfor Kristiansand og Søgne.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

Er i kontakt med skipet

Skipet er registrert i Haugesund hamn og seglar for NORBAR Minerals AS, eit Karmøy-basert selskap.

– Vi har snakket med de pårørende til personen som er savnet, sier pressekontakt i NORBAR Lianne Olsen.

Hun ønsker ikke uttale seg om hvem eller hvor i Norge den savnede mannen har tilhørighet.

– Våre tanker går i dag til familien og de pårørende, sier Olsen.

Skipet var på vei til Porsgrunn for å frakte ulike mineraler som brukes i oljeindustrien.

NRK oppdaterer saka.

Leiteaksjon på sjøen

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 01 1,06 kr
Dyrest kl. 07 1,25 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %