Hopp til innhold

Publikum svikta Start

Ikkje eingong då Start var i 1. divisjon var det lågare oppmøte blant publikum på dei første heimekampane.

Aldri før har det vært færre tilskuere på den første hjemmekampen til Start på Sør-Arena. Da laget møtte Lillestrøm i går kveld var det glissent på tribunene.

Se reportasje.

Aldri før har det vore færre tilskodarar på den første heimekampen til Start på Sør Arena.

Start møtte Lillestrøm i går kveld var det kun 3623 personar som hadde teke turen for å få med seg at eliteseriesesongen blei sparka i gang på Sparebanken Sør Arena.

Arenaen har ein kapasitet til å romme rundt 14 000 tilskodarar.

– Vi merka at det var glissent i går, ja, seier Start-kaptein Rolf Daniel Vikstøl til NRK.

Kapteinen hadde nok håpa på flere tilskodarar då Start spelte uavgjort mot Lillestrøm.

– Vi ønskjer sjølvsagt at flest mogleg folk skal kome på kamp. Viss vi presterar på eit høgt nivå så vil folk kome, så det er eigentleg opp til oss, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..

– Håpar det kjem fleire

Tilskodartalet frå søndag er nedslåande. Dei siste ti åra har det aldri vore under 4000 tilskodarar på første heimekamp.

Tala inkluderer sesongane i 1. divisjon.

Trenar Steinar Pedersen seier det er viktig at folk møter opp.

– Eg håpar folk på Sørlandet forstår viktigheita av det å ha folk på tribuna. Det gir spelarane og klubben ein ekstra boost, kvar einaste mann som kjem ekstra er eit pluss. Eg håpar mange kjem neste gang, seier han.

Trur på fleire tilskodarar neste kamp

Tidleg sesongstart, TV-sendt kamp og sein kampstart på ein søndag kveld meiner Start-kapteinen kan vere nokre av årsakene til det lave oppmøtet.

No håpar han fleire tek turen på neste heimekamp mot Viking.

– Så lenge vi presterar og spelar underhaldande fotball, så vil folk kome. Så vi håper det kjem fleire neste heimekamp mot Viking, og det trur eg at det gjer.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %