Hopp til innhold

Slik skal Start vinne tilbake publikum

Etter fleire sesongar med laber publikumsinteresse har Start-trenar Steinar Pedersen oppskrifta klar på korleis han skal «lokke» publikum tilbake på stadion.

Start-supportere under Start-Jerv 2015

Start har allereie signalisert at dei trur på færre sesongkortsal enn i fjor. Men målet er fleire på stadion.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

– Eit hardtarbeidande Start-lag som torer å vise kva dei har av ferdigheiter og som torer å angripe, seier Pedersen til NRK.

Start - Sandefjord

Det har stort sett vore god plass på tribunane under Start-kampar dei siste sesongane.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix
Start-Jerv

I kvalifiseringskampen mot Jerv i fjor haust var det nesten fulle tribunar på Sør Arena.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Det er oppskrifta for å få folk tilbake på tribunane.

2015-sesongen vart igjen ein skuffande sesong sett med gule og svarte auge.

Både resultatmessig og antall selde billettar til heimekampane.

Likar ikkje negative folk

Tilskodarsnittet på 6155 var ørlite bedre enn året før då i snitt 5962 publikummarar såg Start på heimebane.

– Eg er oppteken av at vi er optimistiske og positive. Eg er ikkje så veldig glad i negative folk. Vi har byrja 2016 på vår måte. Det har vi tru på, og det er det som gjeld no, seier han.

Start har allereie signalisert at dei trur på færre sesongkortsal enn i fjor.

– Så får folk glede seg til det vi skal gjennom, komme hit og bry seg om klubben. Vi tåler å bli kritisert. Det går heilt fint, men negativitet i forkant er eg ikkje så glad i, seier Start-trenaren.

Tilskodarsnitt på Sør Arena

År

Snitt

2015

6155

2014

5962

2013

6183

2012

4374 (1. divisjon)

2011

7056

2010

8388

2009

8231

2008

7455 (1. divisjon)

2007

11 216 (Første sesong på Sør Arena)

2006

7675

2005

10 103

2004

Ekspander/minimer faktaboks

Gjekk i overskot

Svake tilskodartal pregar også økonomien i Start.

Even Øgrey Brandsdal

Even Øgrey Brandsdal er administrerande direktør i Start.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Vi har ein skjør økonomi i klubben, seier administrerande direktør Even Øgrey Brandsdal.

2016 blir endå eit krevjande år.

Klubben landar truleg på eit budsjett under 50 millionar kroner, som er det lågaste på mange år.

– Vi har ganske bra kontroll og har laga eit ganske nøkternt budsjett i år. Vi må snu kvar einaste krone, seier Brandsdal.

Klubben har henta inn ei rekkje nye spelarar før den nye sesongen. Ei heilt ny forsvarsrekke med Henrik Robstad, Jens Kristian Skogmo og finnen Tapio Heikkilä. I tillegg er det knytt store forventningar til den nigerianske spissen Uduak Idemokon.

Steinar Pedersen, Start

Steinar Pedersen i aksjon på Start-trening.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Vellukka sesong om vi klarer oss

Men Steinar Pedersen har ikkje sett noko resultatmål før debutsesongen som trenar i eliteserien.

– Det er ikkje så viktig for meg. Dersom vi trenar hardt nok og jobbar knallhardt og førebur oss maks til kvar kamp, så får vi som fortjent. Er det ein 10. eller 9. plass, så blir det det, seier Pedersen.

– Eg anser det som ein vellukka sesong om vi spelar eliteserien i 2017. Vi har tenkt til å vere så gode som overhodet mogleg. Så får vi som fortjent, seier trenaren.

Søndag opnar Start sesongen med heimekamp mot Lillestrøm på Sør Arena.

Steinar Pedersen og Sander Heggheim

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %