Hopp til innhold

Pettersen åtvarar eigne spelarar

På papiret bør nyopprykka Rælingen vere «lett match» for Vipers Kristiansand på heimebane. Men trenaren åtvarar eigne spelarar mot å ta for lett på kampen.

Gunnar Pettersen

Gunnar Pettersen og Vipers spelar sin første heimekamp for sesongen søndag.

Foto: Teigen, Trond Reidar / NTB scanpix

– Slike kampar var den store utfordringa vår i fjor. Vi tapte to gonger mot Fredrikstad som rykte ned til 1. divisjon. Det dummaste vi kan gjere er å ta lett på det, seier Vipers-trenar Gunnar Pettersen til NRK.

I oppkøyringa til sesongen spelte Vipers mange treningskampar mot antatt svakare lag, nettopp for å prestere betre i slike kampar.

– Det handlar om arbeidsoppgåver. Kvar enkelt må vere innstilt på å gjere det dei kan for å få eit best mogleg resultat. Spelarane må vere konsentrerte og arbeide hardt. Gjer dei det får vi resultat, seier Pettersen.

Vann serieopninga

I fjor enda sørlendingane midt på tabellen i eliteserien. I år er målet å kjempe om medalje. I serieopninga førre helg slo Vipers nyopprykka Molde på bortebane.

– Det var ein mentalt vrien kamp. Nyopprykka lag tek som regel poeng i starten. Det ser vi både i fotball og handball. Målet var å vinne og det klarte vi. 20 av 60 minutt var bra, seier Pettersen.

Søndagens motstandar Rælingen overtok plassen til Storhamar i eliteserien før denne sesongen. Årsaka var at hedmarkingane vart degradert til 1. divisjon på grunn av økonomiske problem.

I serieopninga overraska klubben frå Romerike med å slå Nordstrand på heimebane.

– Det er ofte slik. Skal vi nå eit bra resultat over ein lang serie må du ta ein og ein kamp om gongen, og du må ta alle kampar på største alvor. Ingenting gjer seg sjølv, seier den tidlegare landslagstrenaren.

Gjensyn med O'Sullivan

Vipers møter ei tidlegare lagvenninne i søndagens oppgjer. Christina O'Sullivan spelte for sørlendingane i 2011, men måtte gje seg med handball på grunn av av ein alorleg hovudskade. Denne sesongen gjer ho comeback.

– Både O'Sullivan og Andrea Hansen som vart toppscorar i førre kamp er spelarar vi må sjå opp for, seier Pettersen som håpar på fulle tribuner i Aquarama.

– Vi hadde eit fantastisk heimepublikum i fjor. Det var god stemning på dei fleste kampane. Det er veldig stimulerande for oss som lag. Eg håpar på mykje folk i hallen som gir god lyd og hjelper oss til siger, seier han.

Fullsatt Aquarama (Vipers Kristiansand)

Vipers Kristiansand var eitt av publikumslaga i eliteserien førre sesong.

Foto: Sander Heggheim/NRK
null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,64 kr
Dyrest kl. 02 1,33 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %