Det seier stortingsrepresentant for Aust-Agder, Svein Harberg (H).
– Eg tykkjer at styret skal diskutere det som ligg der og gjerne tenke høgt kring det. Men dei må ikkje gjere noko vedtak, for Stortinget må først behandle den nasjonale sjukehusplanen, seier Harberg til NRK.
- Les også: Ett sykehus for hele Agder
Vil ha eitt hovudsjukehus
Etter planen skal styret i Sørlandet sykehus vedta ny utviklingsplan for sjukehusa i landsdelen 5. februar. Prosjektgruppa som har jobba med planen har føreslått eitt hovudsjukehus i Kristiansand og to nærsjukehus i Arendal og Flekkefjord.
– Dersom styret skal behandle utifrå denne innstilligna vil det bety at det vil vere føringar for ein framtidig struktur, medan vi ventar på ein nasjonal sjukehusplan, seier arendalsordførar Einar Halvorsen.
– Styret bør vedta at ein utset heile utviklingsplanen til dei nasjonale føringane er klare, seier han.
Måndag var Aust-Agder sine stortingsrepresentar i eit ope møte med arendalspolitikarane. Møtet var også ope for publikum, og sjukehusstruktur var tema.
– Må ikkje gjere vedtak
Styreleiar i Sørlandet sykehus, Camilla Dunsæd, stadfestar at dei skal gjere eit førebels vedtak på neste styremøte. Ho forklarar det med at styret allereie har vedteke å bygge eit nytt psykiatribygg på Eg i Kristiansand til 850 millionar kroner.
– Helse Sør-Øst krev at ei så stor investering er forankra i ein plan. Difor kjem vi til å gjere eit førebels vedtak, seier Dunsæd.
Ordførar i Arendal, Einar Halvorsen, er kritisk til at det truleg blir gjort eit vedtak på neste styremøte.
– Eg veit at det er sterke miljø som ynskjer å få eit vedtak no. Med eitt hovudsjukehus og to lokale sjukehus, slik at ein kan byggje opp om Kristiansand vidare, uavhengig av det som kjem i den nasjonale helseplanen, seier Halvorsen.
I førre veke sa helseminister Bent Høie at halvparten av dei norske sjukehusa er for små til å drive akuttkirurgi heile døgnet. Han peika mellom anna på at det krevst 60 000-80 000 innbyggjarar.
Svein Harberg er klar på at eit styrevedtak 5. februar er bortkasta.
– Dei må ikkje gjere noko vedtak. For dei må først ha på plass den nasjonale planen som Stortinget skal vedta, slik at dei kan legge den til grunn for vidare behandling i saka, seier Harberg.