Rafaelsen fekk prisen for innsatsen i filmen «Sykt lykkelig».
Rafaelsen har spelt mest teater og seier til NTB at han førebels trivast best på scena, men seier at prisen laurdag gir meirsmak til å lage meir film.
«Sykt lykkelig», beskrive som ein komedie om utruskap, elgkjøt, kvite og kullsvarte løgner, blowjobs og cottage cheese, er regissert av Anne Sewitsky som totalt hadde tre filmar nominert i ulike klassar.
Rafaelsen spelte mot sørlendingen Agnes Kittelsen i filmen.
Filmen Keeper'n til Liverpool vart kåra til vinnar av Gullstrimmelen 2011. Regissør her er Arild Andresen frå Kristiansand.