Då Marinko Kurtovic skreiv under for ØIF Arendal for eitt år sidan tok han over eit lag i krise. Klubben kjempa for å overleve i eliteserien.
Frå fiasko til suksess
I løpet av ein sesong er fiasko snudd til suksess. ØIF Arendal har vunne rubbel og bit.
– Han er ein taktikar og har henta inn spelarar som passar veldig fint inn i laget. Det har gjort skilnaden, seier kaptein Eirik Heia Pedersen.
– Han har endra på nokon ting som har gjort oss betre. Vi har meir fokus på kontringsfasen og blitt verkeleg gode der, seier Andre Jørgensen Hofstøl.
Ein av supportarane som tok imot spelarane i Arendal sentrum onsdag kveld er mektig imponert over Kurtovic.
- Les også: ØIF vant seriegull: – Helt magisk
Får ros får supportarane
– Han har gjort ein enorm jobb. Det er attityden, lagkjensla og gutsen. Det er heilt enormt, seier han.
– Kor kjem dette til å ende?
– Er det nokon ende? Nei, ler supportaren.
Hovudpersonen sjølv vedgår at han er litt overraska over at klubben står med full pott.
– Det trudde eg nok aldri då eg kom på første trening. Eg tenkte «shit», skal vi lage eit gullag av dette, seier Kurtovic.
– Men dersom alle jobbar mot eitt mål og alle jobbar hardt, så kan vi skape noko saman. Dette er eit levande bevis på at gutane har teke det seriøst frå første dag, seier han.