Hopp til innhold

Hegh Arntzen klar for Vipers

Vipers Kristiansand held fram med storhandelen og skal ha sikra seg landslagsspelar Emilie Hegh Arntzen.

Ny spiller på Vipers

– Eg trur vi kan gje Larvik konkurranse neste år, sa landslagsspelaren då ho vart presentert på ein pressekonferanse torsdag.

23-åringen kjem frå Byåsen og vann VM-gull med Norge i desember. Trenar Kenneth Gabrielsen er strålande nøgd med å sikre seg signaturen hennar.

– Ho er eit av Europas største handballtalent med eit enormt potensial. Skot, finter, ho er høg og har eit potensial bakover som er heilt utruleg, seier Gabrielsen.

EM håndball kvinner i Sverige. Scandinavium Gøteborg.

Landslagsspelar Emilie Hegh Arntzen er klar for Vipers.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Hegh Arntzen sin signatur føyer seg inn i ei lang rekke profilerte spelarar sørlandsklubben har sikra seg den siste tida.

I førre veke skreiv landslagsspelar Malin Aune under ei kontrakt med klubben. I haust sikra dei seg keeper Katrine Lunde.

– Eg hadde andre tilbod og har tenkt over det. Men eg syns det Vipers held på med er veldig spennande. Det vil eg vere med på, seier Hegh Arntzen.

Frå før har dei Linn Jørum Sulland og Marta Tomac i troppen.

Klubben har som mål å vippe suverene Larvik av handballtrona i Norge.

Onsdag inngjekk Vipers Kristiansand si største sponsoravtale nokonsinne med storbanken DNB.

Se pressekonferansen her:

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %