Hopp til innhold

Førebur seg på supportarbråk i 3. divisjon

Mandalskameratene set i verk tiltak for å hindre supportarbråk før møtet med Start 2 i 3. divisjon.

Fotballpøbler

Desse supportarane vart skulda for å øydelegge fjorårets kamp mellom Mandalskameratene og Start 2.

Foto: Espen Sand/Lindesnes

– Vi har kalla inn ekstra vakter. I tillegg vil politiet vere tilstades. Vi veit det blir mange tilskodarar. Vi vil vere betre budd i år, enn vi var i fjor, seier styreleiar i Mandalskameratene Sveinung Valand til NRK.

Supportarbråk er heldigvis sjeldan i norsk fotball.

Men i 3. divisjon har altså Mandalskameratene sett seg nøydd til å gjere grep, før dei tek imot naboen frå aust måndag kveld, skriv Lindesnes.

Kasta bluss ut på bana

Bakgrunnen er tilsvarande oppgjer i fjor då supportarklubben Ultras 1905 vart skulda for tribunebråk og hærverk i Idrettsparken.

Supportargrupperinga skal ha kasta bluss både før kampen og i pausen. Dei skal også ha komme med skjellsord og oppført seg trugande.

– I fjor vart det brukt pyro utan løyve. Det vart ubehageleg for andre publikummarar med pyro og litt aggressive haldningar, seier han.

Før måndagens kamp vert pyroeffektar drege inn ved inngangen til stadion.

– Det er ikkje søkt om løyve til å bruke pyroeffektar. Desse vil bli fråtekne dei som har det med seg, seier styreleiaren.

Dommar Thor Håversen sa dette til NRK, etter fjorårets oppgjer mellom dei to fotballrivalane:

– På lokalt nivå har eg aldri opplevd at noko slikt har skjedd. Og eg håpar at eg aldri opplever det igjen, for det var uhyggeleg, sa han.

– Høyrer heime på ein fotballkamp

Supportargruppa avviste i fjor overfor NRK at dei øydela kampen.

– Pyriske effektar er stemningsskapande og høyrer med på ein fotballkamp. Vi tykkjer vi skapte god stemning, og dei aller fleste av oss brukar utallege timar på å lage banner og reise på kamp kvar helg. Vi har heller ikkje invitert til nokon slåstkamp, sa ein anonym representant for Ultras 1905.

Blussa som vart kasta ut på løpebana på stadion førte til skader fleire stader på løpebana.

Løpebana vart påført 3-4 brennmerker på 20 til 30 centimeter, som følgje av bluss som vart kasta inn på bana.

– Vi reknar med at folk oppfører seg skikkeleg når dei kjem til stadion og lagar ein triveleg kveld med lokalderby som kan bli veldig gøy, seier styreleiaren.

Mandalskameratene ligg på 6. plass på tabellen før kveldens oppgjer. Start 2 ligg nest sist i 3. divisjon avdeling 5.

Skader løpebanen Mandal Idrettsparken

Synlege skader på løpebana etter fjorårets kamp mellom Mandalskameratene og Start 2.

Foto: Privat
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %