Hopp til innhold

Få tekne utan bilbelte i storkontroll

17 140 bilistar vart kontrollert for beltebruk i Buskerud, Vestfold og Agder-fylka i ein storkontroll i førre veke. Berre 312 gebyr vart skreve ut - det tilsvarar 1,8 prosent.

Bilbeltekontroll

KONTROLL: Berre 1,8 prosent av dei 17 140 som vart stoppa i bilbeltekontroll fekk gebyr for manglande bruk av bilbelte. (Arkivfoto)

Foto: Omar Sejnæs / NRK

– Sjølv om desse kontrollane vart varsla på førehand er det grunn til å seie at beltebruken er generelt god, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Trøndere dropper bilbelte

Slurvar i sentrum

Ifølgje Statens vegvesen slurvar folk mest med beltet i sentrumsnære strøk og på korte turar. På landevegen har dei fleste beltet på.

– Der kontrollørane har holdt seg mykje utanfor sentrum, er talet på gebyr lågt, står det i pressemeldinga.

LES OGSÅ: Droppar bilbelte - døyr i trafikken

Trass i at så få vart teke utan bilbelte i denne kontrollen, rettar vegvesenet ein peikefinger mot bilistane.

– Vil gje utslag på dødstala

– Sjølv om dei fleste er flinke til å bruke bilbelte, så viser statistikken at om lag halvparten av dei som døyr i bilulykker kunne redda livet dersom beltet var på, seier kampanjeleiar i Statens vegvesen, Signe Gunn Myhre.

LES OGSÅ: Dropper bilbelte på korte turer

– Får vi beltebruken opp berre nokre ørsmå prosentpoeng, så vil det gje store utslag på dødstala. Difor er denne satsinga viktig, legg ho til.

Bilbeltekontroll Region Sør

Distrikt

Antal kontrollerte

Antal gebyr

Sum Region Sør

17 140

312

Ø-Buskerud

674

10

N-Buskerud

1347

74

Vestfold

2761

11

Ø-Telemark

1030

9

N-Telemark

5054

41

A-Agder

2848

63

V-Agder

3426

104

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %