Hopp til innhold

– ØIF kan bli «nye» Larvik

Tidlegare landslagsspelar Johnny Jensen trur ØIF Arendal kan bli like suverene på herresida som Larvik har vore i eliteserien for kvinner i ei årrekkje.

ØIF Arendal

ØIF Arendal vann sitt andre seriegull søndag kveld.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Det kan dei. Men skal du bli nye Larvik krev det sjølvsagt ein del økonomiske rammer rundt. Er det nokon som kan klare det er det sikkert Arendal, seier Jensen som har 200 kampar med flagget på brystet.

Johnny Jensen er svært lysten på VM-spill

Johnny Jensen har tru på ØIF Arendal.

Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX

I fjor overraska ØIF Arendal Handball-Norge med å vinne både serie og cup.

Søndag sikra klubben sitt andre seriegull på to år.

– Norges beste keeper

– Dei har eit veldig bra kollektiv som berre set på dieselmotoren. Det går og det går og det går. Dei kan spele dårleg og vinne til slutt. Det kjenneteiknar eit godt lag, seier han.

– Dei er ein gjeng som jobbar for kvarandre. Dei har enkeltspelarar som kan gjere enkle mål. Dei er gode i forsvar og har ein keeper som har vore Norges beste keeper dei to siste åra, seier Jensen.

I desember i fjor sikra Larvik sin 50. tittel då dei vann cupfinalen mot Glassverket. Samstundes var det den åttande strake cuptittelen.

I tillegg har laget vunne eliteserien 11 gonger på rad.

Marinko Kurtovic, ØIF Arendal

ØIF Arendal-trenar Marinko Kurtovic.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Kurtovic: – Langt fram

– Tanken er jo veldig positiv. Men det skal mykje til for å bli nye Larvik. Budsjettet må kraftig opp slik at ein kan sikre seg gode spelarar og ha breidde i troppen og bli uslåeleg. Men det er lang fram dit, seier trenar Marinko Kurtovic.

Per Carsten Michelsen, ØIF Arendal

Per Carsten Michelsen.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen/NRK

Sportsleg leiar Per Carsten Michelsen vedgår at han og andre i klubben har «tenkt tanken».

– Det er heilt andre føresetnader som skal til. Larvik har vore ein profesjell klubb i mange år med eit budsjett på nokon og tjue millionar kroner. Det er nokre år før vi kjem dit, seier han.

Dei aller fleste av ØIF-spelarane jobbar ved sidan av handballen.

– Om vi skal gjere det godt i Europa og henge med i svingane på eit høgare nivå er vi avhengig av at 10-12 av våre spelarar er profesjonelle og kan trene to gonger om dagen, seier Michelsen.

ØIF Arendal er seriemeister for andre år på rad.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,62 kr
Dyrest kl. 18 1,39 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,3 kr 25 min.
  • Dusje 2,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,3 kr En vask
  • Varmeovn 0,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %