– Eg forstår at det kan misforståast når eg seier at dei luktar annleis. Eg har ikkje sagt at dei luktar vondt. Eg har sagt at dei luktar annleis fordi dei lever på ein heilt annan måte. Mange kan kanskje ta det gale opp, men det var ikkje mi meining, seier Hardy til NRK.
– Eg vil på det sterkaste påstå at eg ikkje har komme med rasistiske kommentarar. Men eg står ved det eg sa i bystyret. Eg angrar ikkje på det eg sa, seier ho.
- Les også: – Dei luktar og slår ungane sine
– Veit at flyktningar slår barna
Frp-representanten sitt innlegg i ein flyktningdebatt i bystyret torsdag har vekt sterke reaksjonar. Ho sa mellom anna:
– Vil vi eigentleg har inn i vår eiga stove nokon som tenkjer, et og luktar fordi dei et annan mat.
Ho sa også at flyktningar slår barna sine. Også det står ho ved i dag.
– Det veit vi jo. Vi veit at dei gjer det. Det gjorde dei i Norge for ikkje så veldig mange år sidan også. Dei fekk bank om dei gjorde noko gale. Eg har fått mykje bank eg, seier ho.
Vil ikkje melde seg ut av Frp
Tidlegare fredag sa partikollega og stortingsrepresentant Ingebjørg Godskesen at Hardy bør melde seg ut av partiet. Både Godskesen og fylkesleiar i Aust-Agder Arbeiderparti seier dei tek sterk avstand frå kommentarane til Hardy, som er 10. vararepresentant for Frp i bystyret.
– Personleg tykkjer eg at ho burde seie at no har ikkje eg noko i eit skikkeleg parti å gjere, sa Godskesen.
– Då må ho seie til meg kvifor ho meiner det. Eg har ingen planar om å melde meg ut. Eigentleg girar denne saka meg til å halde fram, seier Hardy til NRK.
Frp-leiar: – Heilt forkasteleg
Toppleiinga i Frp vil ikkje kommentere saka og viser til fylkesleiaren i Aust-Agder
Frp Anders Kylland. Han er også varaordførar i Arendal, og tek sterk avstand frå Hardy sine kommentarar.
– Desse utalelsane kan vi ikkje identifisere oss med. Den type kommentarar er heilt forkasteleg. Eg har fått nokre telefonar frå partikollegaer som seier at vi ikkje kan akseptere dette, seier Kylland.
Kylland understrekar at kommentarane ikkje er i tråd med partiet sin politikk. No vil han sjå nærare på saka.
– Vi må bruke tid på kva som har skjedd og på kva grunnlag Sylvi kom med kommentarane og kor godt ho hadde sett seg inn i saka på førehand. Kva som blir konsekvensen av dette er ikkje rett tid for å reflektere over no, seier han.
Sliten etter medietrykk
Ordføraren i Arendal har fått kritikk fordi han ikkje stoppa Frp-politikaren på talarstolen.
– At han skulle klubbe meg ned fordi eg kom med vanlege og reelle fakta forstår eg ikkje. Då ville det vere lite demokrati i bystyresalen, seier Hardy.
Politikaren fortel at ho er sliten etter oppstyret kommentarane i bystyret har skapt.
– Det har vore tøft. Eg hadde aldri i min villaste fantasi drøymt om at dette skulle vere av interesse for nokon som helst utanfor bystyresalen, seier Frp-politikaren.
– Eg kan ikkje sjå at eg har gjort noko gale, seier ho.