– Ingen vesentlege endringar
Det vil ikkje bli vesentlege endringar i sjukehusstrukturen på Sørlandet før ein nasjonal helseplan er klar. Det seier helseminister Bent Høie. Statsråden var i dag i møte med blant andre styreleiaren i Sørlandet sykehus, berre dagar etter at styret vedtok at Sørlandet skal ha tre sjukehus med hovudsjukehus i Kristiansand.