Hafstadrussen 2016
Foto: Martha Våge / NRK

Med peparspray og valdtektsalarm

FØRDE (NRK): Russejentene ved Hafstad vidaregåande skule førebur seg til russefeiringa med hovudet fullt av forholdsreglar.

Vi er klare over at det er ein risiko for å bli valdtekne

Torine Ødven, russepresident for Hafstadrussen

Årets russetid har ikkje kome skikkeleg i gang, men dei første valdtektssakene er allereie under etterforsking. Rundt eit bord i kantina på Hafstad vidaregåande skule i Førde sit fem russejenter i reine og nystrokne raudrussedressar.

Mange av oss har vore gjennom det same, vekevis i same buksa, seremoniar og russenamn og knutar og lite søvn. Ikkje mykje har endra seg, men buksene har blitt litt trongare og forholdsreglane litt fleire.

Dei siste vekene har debatten handla om kven som har rett til å gi råd til kven, etter at ein lensmann i Gjesdal kommune, som huser landstreffet for russ i Kongeparken, uttalte til Dagbladet at det kunne vere lurt av jentene å ha på seg sykkelbukser under russedressen. Då skal det meir til for at det skjer noko utan samtykke.

– Vi er klare over at det er ein risiko for å bli valdtekne, seier Torine Ødven som er russepresident for Hafstadrussen i Førde.

Ødven trur ikkje lensmannen meinte det som noko anna enn eit praktisk tips.

– Viss du først skulle vere ute for å bli valdteken kan kanskje ei sykkelbukse gi deg litt ekstra tid til å rope på hjelp, eller sparke han og kome deg vekk, seier Ødven.

Russejentene trur ikkje dei kjem til å ha på sykkelbukser, og fortel at dei ikkje kjenner seg redde. Her i vesle Førde kjenner dei fleste russane kvarandre og har eit godt samhald. Men dei går ikkje ute åleine på kvelden, og dersom dei er ute på byen i Førde går dei alltid i samla flokk og passar godt på kvarandre.

Det er jo dumt at jentene må passe på å ikkje drikke for mykje fordi det er ein risiko for å verte valdteken, medan gutane ikkje treng å tenke på den risikoen og kan berre køyre på slik dei vil

Elisabeth Eikås

– Viss nokon av oss må gå eit lite stykke åleine, snakkar vi i lag på telefonen til dei har kome fram, fortel dei.

Hafstadruss 2016

TEK VARE PÅ KVARANDRE: Torine Ødven, Vilde Olsen, Elisabet Eikås, Marte Bell og Kristin Hope passar godt på kvarandre i russetida.

Foto: Martha Våge / NRK

Foreldra minner dei på det før dei skal ut. Ikkje gå åleine, ikkje vert for fulle, ikkje ta i mot drikke frå nokon andre. Jentene er ikkje redde, for dei tek alle forholdsreglar dei kan.

– Det er litt meir å tenke på når vi skal på landstreffet i Kongeparken, men vi har jo peparspray og valdtektsalarm, seier Ødven.

Ho er den einaste av jentene som har akkurat det, ho skaffa seg det då ho skulle til Syden eit år. Ho bruker det ikkje vanlegvis i Noreg, men skal ha det med når dei skal på landstreffet. Jentene har også lasta ned ein app som bruker GPS til å fortelje kor dei andre jentene er til ein kvar tid, slik at dei unngår og miste kvarandre.

– Men det er jo dumt at jentene må passe på å ikkje drikke for mykje fordi det er ein risiko for å verte valdteken, medan gutane ikkje treng å tenke på den risikoen og kan berre køyre på slik dei vil, seier Elisabeth Eikås etter ei lita stund.

Dei trur det er noko med at so mange er samla på ein stad, mange drikk altfor mykje og området dei er på er stort og uoversiktleg.

– Mange tenker nok at dei er russ berre ein gong, og då kan dei gjere kva dei vil. Kanskje tenker dei ikkje so mykje, rett og slett, seier Kristin Hope.

Beerking Bad

IKKJE REDDE: Magnus Midtun, Fredrik Sollid og Ola Frøyen har ikkje tenkt so mykje på forholdsreglar i førebuinga til russetida.

Foto: Martha Våge / NRK

Russegutane frå bussen med det klingande namnet Beerking Bad, bekreftar i stor grad det Hope seier.

– Vi tenker eigentleg lite over det. Tenker kanskje ikkje at det gjeld oss, seier Fredrik Sollid.

For tredje år på rad har Amnesty delt ut strykemerke til alle russane som vil ha. På merket står det «Nei er nei, valdtekt = sex utan samtykke». Dei fem jentene har det stroke på buksebeina av russedressen. På det andre buksebeinet står det A.D.I.D.A.S. (all day I dream about sex).

– Ungdom må lære kva ein positiv seksualitet er og kor grensene går mellom den fine og gode seksualiteten som vi ønsker og det som er eit seksuelt overgrep, seier politisk rådgjevar Patricia Kaatee i Amnesty.

Nei er nei

NEI ER NEI: Varsomt stroke rett på russedressen, ei påminning om at nei betyr nei.

Foto: Martha Våge / NRK

– Russen tek veldig godt i mot kampanjen, fordi endeleg er det nokon som tek russens behov for å snakke om sex og grensesetjing på alvor. Dei har eit enormt udekt behov for å snakke om dette, seier Kaatee.

– Skulane sviktar i seksualundervisninga. Ungdom lærer å beskytte seg mot kjønnssjukdommar og uønskte graviditet, men veit lite om korleis ein kan setje grenser for eigen kropp, og korleis ein kan vere sikker på at den andre parten har gitt samtykke for å ha sex med ein.

Ansvaret for eit seksuelt overgrep ligg alltid hos den som gjer overgrepet!

Patricia Kaatee, Amnesty

Rapporten Vald og valdtekt i Noreg, 2014, frå Nasjonalt kunnskapssenter for vald og traumatisk stress (NKVTS), syner at ei av ti kvinner har blitt valdtekne minst ein gong i løpet av livet. Talet på menn som har blitt valdtekne er ein av hundre. I tillegg syner rapporten at det nesten utelukkande er menn som valdtek. Likevel er det jentene som får tips til korleis dei skal te seg, kle seg og bevege seg.

Patricia Kaatee

RÅDGJEVAR: Patricia Kaatee, politisk rådgjevar, Amnesty International Norge

Foto: Amnesty International Norge

– Det er å snu det heilt på hovudet! Ansvaret for eit seksuelt overgrep ligg alltid hos den som gjer overgrepet. Vi veit at det er jenter som i alle hovudsak er utsett, og vi veit at det nesten berre er gutar som valdtek. Då må meir av det førebyggande haldningsskapande arbeidet mot valdtekt ha gutar og unge menn i fokus, seier Kaatee.

Amnesty bestilte ei undersøking om befolkninga sine haldningar til valdtekt i 2013 frå Ipsos MMI, og rapporten syner at det enno er mange tradisjonelle kjønnsroller som ligg i botn. Blant anna meiner ein av fire nordmenn at kvinna er delvis ansvarleg for å ha blitt valdteken dersom ho frivillig var med ein mann på nachspiel.

– Det er ein oppfatning om at det er greitt at gutar har ein aktiv og pågåande seksuell erfaring, medan jentene skal helst ikkje ha for mykje seksuell erfaring. Det er veldig moralistiske haldningar som gjer at vi framleis legg ansvaret på kvinner å ikkje bli valdtekne, seier Kaatee.

Den same haldningsundersøkinga syner at foreldre i stor grad snakkar med døtrene sine om seksualitet og grensesetjing, medan gutane får informasjon frå internett. Det meiner Amnesty er urovekkande.

Vi tenker jo ikkje at det er nokon valdtektsmann i klassa vår liksom

Ola Frøyen

– Vi fryktar at jentene heile tida må ta mykje av ansvaret for ikkje å bli valdtekne, og så snakkar ikkje foreldra med gutane sine om kor viktig det er å alltid å ha samtykket i botn når ein har sex med ein annan person. Foreldra må gjerne snakke med jentene sine, men dei må også snakke med gutane sine om at sex utan samtykke er valdtekt. Det kan vere vanskeleg å vite kor grensene går, og dersom ein er i tvil so må ein spør.

– Vi har ikkje snakka noko særleg om det på skulen, vi tenker jo ikkje at det er ein valdtektsmann i klassa vår liksom, seier Hafstadrussen Ola Frøyen.

– Det kan jo vere litt vanskeleg å vite heilt kor grensene går, men ein merker jo når nokon ikkje vil. Eit nei er jo alltid eit nei.

Magne Frøholm

IKKJE GODT NOK: Magne Frøholm, assisterande rektor ved Hafstad VGS seier skulen kunne hatt betre fokus på grensesetjing og samtykke

Foto: Martha Våge / NRK

Amnesty meiner skulane må ta ansvar. På Hafstad vidaregåande skule er ikkje samtykke og grensesetjing på pensum, men skulen prøver å fokusere på det med hjelp frå eksterne organisasjonar.

– Vi samarbeider med Røde Kors og Politiet som kom innom no før russetida, og så har vi jo plakatane til Amnesty hengande på skulen, seier assisterande rektor Magne Frøholm.

– Men vi diskuterer det sannsynlegvis ikkje nok. Det er vanskeleg å finne plass til å setje fokus på det og bruke mykje tid på det, då vi er opptatt av å kunne lære elevane det reint faglege slik at dei kan ta eksamen. So vi er nok ikkje flinke nok på dette.

Talet på valdtekter er stabilt høge

Rapporten frå NKVTS syner at det er ingen indikasjonar på at talet på valdtekter av unge kvinner går ned.

– Det betyr jo at dei tiltaka som vert gjort ikkje fungerer. I årevis har vi lært unge jenter å ikkje gå åleine, å ikkje bli for fulle, å ikkje gå for utfordrande kledd. Men likevel vert like mange valdtekne. No må kampanjar og tiltak rettast mot gutar og unge menn, slik at dei lærer seg grensene mellom sex og valdtekt, seier Kaatee.

Tilbake på Hafstad VGS kjem den raude russebilen brummande rundt hjørnet. Russejentene synst det er litt pinlig at dei ikkje har fått på klistremerka enno, men dei skal få den ferdig til første mai, also. Sjølv om det er god plass i bilen, skal dei ikkje køyre til landstreffet i Stavanger, dit skal dei flyge. Dei gler seg voldsomt.

– Vi skal passe godt på kvarandre, og ikkje drikke so mykje. Berre halde seg til cider, trur eg, ikkje sterkare saker. Det er greit å ha kontroll, og så har vi jo faktisk betalt ein del for billettane, so det er no greit å huske konsertane hvertfall, flirer Kristin Hope.

NRK Debatt har spurt unge kvinner kva slags forholdsreglar dei tek på veg heim om natta. Sjå videoen her: