Hopp til innhold

Toppsjef i Helse Førde i varslarsak

Ein medarbeidar i Helse Førde har klaga viseadministrerande direktør Vidar Vie inn for leiinga i helseføretaket. Styreleiar stadfestar at styret handsamar ei varslarsak dei ser alvorleg på.

Vidar Vie

VARSLARSAK: Viseadministrerande direktør Vidar Vie i Helse Førde.

Foto: Bård Siem / NRK

– Eg kan stadfeste at styret har teke imot eit varsel i Helse Førde og at varselet blir handsama i styret. Vi har alt sett i gong ein prosess for å handsame varselet på ein forsvarleg og skikkeleg måte, og i samsvar med rutinane våre, seier fungerande styreleiar Agnes Landstad til NRK Sogn og Fjordane.

– Styret tek dette på største alvor, seier Landstad.

NRK kjenner til at varselet er retta mot viseadministrerande direktør Vidar Vie. NRK har kjelder på at varselet botnar i leiarstilen hans. Varselet kom for eit par veker sidan, frå ein annan tilsett i Helse Førde.

Direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest, Hilde Christiansen, stadfestar at varslinga gjeld leiing.

– Eg har fått munnleg beskjed om at det er ein varsling i Helse Førde og at den handlar om leiing, seier Hilde Christiansen.

Varslarsaka var tema under styremøte i Helse Førde fredag ettermiddag. Meldinga var at varslarsaka som no blir undersøkt er todelt i ein juridisk bit og i ein konflikt mellom leiar og tilsett.

Via kommunikasjonsavdelinga i Helse Førde melder viseadministrerande direktør Vidar Vie at han ikkje kan uttale seg om saka. Og at han ynskjer at prosessane skal gå sin riktige gang vidare.

NRK har prøvd å få kontakt med varslaren, utan å lukkast. Administrerande direktør Jon Bolstad har ikkje hatt anledning til å snakke med NRK.

Intern melding

Etter at NRK har jobba med denne saka over ei tid, la Helse Førde i ettermiddag ut ein intern melding om varslarsaka på intranettet sitt. Der står det at varslaren «seier seg kritisk til ulike tilhøve i verksemda»:

I internmeldinga som NRK har fått tilgang til, står følgande:

Helse Førde har i november 2016 motteke eit varsel der den som varslar seier seg kritisk til ulike tilhøve i verksemda. Varselet kjem frå ein tilsett i føretaket.
Konsulentfirmaet AFF er hyra inn for å koordinere og leie arbeidet med ei faktaundersøking. I tillegg vil advokatfirmaet Steenstrup Stordrange fungere som juridisk rådgjevar i prosessen.
– Ein prosess som varsel om mogleg kritikkverdige tilhøve er ein sjanse for oss som organisasjon til å sjå på verksemda med eit kritisk blikk, og det kan godt hende at alle partar kan hauste gode læringspunkt av dette. Det er viktig at ein ikkje ser på eit varsel som noko trugande, men som ei moglegheit til ytterlegare å forbetre verksemda, seier styreleiar Agnes Landstad.
Helse Vest som eig Helse Førde har uttrykt si støtte til prosessen som er vald.

Ekstern hjelp

Styreleiar Agnes Landstad vil overfor NRK ikkje gå inn på det konkrete innhaldet i varselet, men vedgår at styret har bedd om ekstern hjelp.

– Vi har valt å knytte til oss ekstern hjelp. Mellom anna ein organisasjonspsykolog som har solid erfaring i denne type saker.

Agnes Landstad

ALVOR: Fungerande styreleiar Agnes Landstad i Helse Førde.

Foto: Heidi Widerøe

– Så kva gjeld varselet?

– Det inneheld personal og prosess-tematikk. Formålet med vår gjennomgang er å undersøke om det er forhold som kan bli betre i verksemda, og som vi kan lære av.

– Kva skal psykologen konkret sjå på?

– Han vil gjennomføre ei faktaundersøking for å avklare situasjonen og realitetane i Helse Førde, og rapportere tilbake til styret.

– Dette varselet kom til styret. Varselet gjeld difor personar i toppleiinga?

– Eg ynskjer ikkje å kommentere innhaldet i varselet.

Varslar teke vare på

– Men NRK har kjelder på at varselet botnar i leiarstilen til viseadministrerande direktør Vidar Vie. Kva kan du seie om det?

– Vi kommenterer ikkje innhaldet i varselet. Men vi kan forsikre om at vi tek dette på største alvor og handterer det på beste måte.

– Kva er grunnen til at du ikkje vil kommentere innhaldet?

– Vi vil vareta alle partar og dette er ei sak som er intern.

– Kva skjer med varslaren og andre involverte?

– Dei blir tekne vare på i samsvar med rutinane våre.

– Er nokre av dei involverte sjukmeld eller teken ut i permisjon medan saka held på?

– Ikkje som eg kjenner til.

– Kva skjer framover i prosessen?

– Vi reknar med at styret får rapporten før jul.