Hopp til innhold

600 unge lever på pengar frå NAV - ønskjer fleire av dei ut i jobb

Samstundes som mange bedrifter sårt treng arbeidskraft er 600 ungdommar mellom 18 og 30 år ikkje i arbeid. I staden får dei støtte frå NAV i Sogn og Fjordane.

Tore Thorsnes

TRENGST I ARBEIDSLIVET: Tore Thorsnes vil ha fleire unge mellom 18 og 30 år ut i jobb.

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

I heile landet veks gruppa med unge uføretrygda. Dette er ei utvikling både familiar og bedrifter må jobbe for å snu meiner avdelingsdirektør i NAV Tore Thorsnes.

– Eg tykkjer at 600 ungdommar som ikkje er i jobb er eit ekkelt tal, seier han.

Fleire enn før slit med helsa

Tal henta frå Næringsbarometeret for Sogn og Fjordane syner at næringslivet her manglar 650 arbeidstakarar. Samtidig syner tal frå NAV at 600 personar mellom 18–30 år ikkje har ein plass i arbeidslivet, men lever av støtte frå NAV.

For når det nærast er slutt på arbeidsplassane som ikkje krev utdanning, vert det vanskelege for mange. I tillegg slit fleire enn før med helsa

– Det er nok ein del fysiske og psykiske utfordringar som ungdommar har. Dette breier om seg og er i ferd med å bli den nye folkesjukdommen i landet.

Må lære å halde ut arbeidsdagen

I mars 2013 var det 10.000 unge uføre i Norge og talet er i vekst. At så mange unge ikkje kjem seg inn i arbeidslivet medan dei er unge, uroar Thorsnes.

Fleire verksemder i Sogn og Fjordane tek no i mot ungdom som får støtte frå NAV slik at dei får arbeidserfaring. Men Thorsnes meiner fleire må ta dette samfunnsansvaret e

– Vi treng endå fleire av dei som kan gi alle ei moglegheit til å få trening til å stå i arbeid over tid. For mange av ungdommane handlar det om å halde ut arbeidsdagen, i forhold til kva ein er vant med å bruke tida si til, seier Thorsnes.

Jobbar for fleire tiltak

Regiondirektør Jan Atle Stang i NHO vedgår at verksemdene kan bli flinkare.

– NHO sentral har eit veldig sterkt fokus på dette. Det handlar om korleis skulen blir driven og korleis næringslivet kan bidra. Dette vil vi i Sogn og Fjordane jobba nærare med.