Hopp til innhold

Forklarar dårlege besøkstal med vanskeleg lokalisering

Sogn og Fjordane Kunstmuseum har fått mykje kritikk etter at besøkstala har stupt, mellom anna på Astruptunet. Dei tek kritikken til etteretning, seier styreleiar Harry Mowatt.

Astruptunet

FÅ BESØKJANDE: Astruptunet er blant fleire museum som har hatt eit synkande besøkstal dei siste åra.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Det har den siste tida vore debatt kring dei dårlege besøkstala ved fleire museum i Sogn og Fjordane.

Blant dei er Astruptunet, Dei hadde besøkstopp i 1995 med 26 500 besøkjande. I 2008 vart tunet berre besøkt av i overkant av 5000.

Barnebarnet til Nikolai Astrup, Nikolai Astrup Geelmuyden, er ein av dei som har retta kritikk mot forvaltninga av museet. Han meiner utviklinga har vore så dårleg at han rett og slett ikkje kjenner seg att på tunet meir.

Vanskeleg å få turistar

Sogn og Fjordane Kunstmuseum tek kritikken til etteretning. Det seier styreleiar Harry Mowatt.

– Vi skal ikkje vere så hårsåre at vi ikkje kan ta imot råd, seier Mowatt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Harry Mowatt

TEK KRITIKKEN: Styreleiar i Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Harry Mowatt, ønskjer konkrete råd frå kritikarane, for å få besøkstala på musea opp igjen.

Foto: NRK

Han forklarar dei dårlege besøkstala blant anna med lokaliseringa av Astruptunet.

– Astruptunet ligg ikkje ideelt til i forhold til turistbussar, og det blir verre og verre å få turistbussane til å ta turen til sørsida, seier Mowatt.

Meir marknadsføring

Gerd Dvergsdal

ANONYM ASTRUP: Tidlegare ordførar i Jølster kommune, Gerd Dvergsdal, skulle gjerne sett meir marknadsføring av Astruptunet.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Gerd Dvergsdal, tidlegare ordførar i Jølster, har lenge brent for Astruptunet. Ho meiner dei bør bli flinkare på å marknadsføre seg, slik at dei kan nå fram til fleire. Det er ikkje Mowatt ueinig i.

– Ja, det kan godt hende vi kunne satsa meir på marknadsføring. Men ein skal vere klar over at Sogn og Fjordane Kunstmuseum no har eit stort, nytt bygg som har vore under arbeid i Førde i eit par år, og det har teke veldig mykje ressursar. Det er naudsynt at dei sentrale personane i kunstmuseet konsentrerar seg om det slik at det vert veldig bra, seier han.

Sogn og Fjordane Kunstmuseum vurderar likevel å satse hardare på marknadsføring.

- Vi har snakka om å få til betre marknadsføring i fellesregi for musea i Sogn og Fjordane. Då kunne vi kanskje fått tak i litt meir turistar, seier Mowatt.

Håpar tala vil snu

Det store gapet mellom besøkstalet på 90-talet og i dag har også ei forklaring, meiner styreleiaren.

– På 90-talet hadde ein cruiseanløp i Balestrand, og det førte til mykje besøk på alle musea. Det er ei av årsakene til tala har gått ned sidan då.

Mowatt håpar no at dei dårlege besøkstala vi snu.

– Samstundes må vi vere klar over at vi har hatt kunstig høge tal tidlegare. Eg har sett på måten ein har ført besøka på. Så vi kjem til å ha ein nedgang berre på at vi må justere det der, slik at vi får tala meir reelle, seier han.

Meir fokus på kunsten

Barnebarnet til Astrup har også uttalt at han meiner Astruptunet må ha meir fokus på kunsten, og ikkje berre livshistoria til kunstnaren.

Blant anna meiner han det kunne ha lokka fleire turistar dersom ein fekk sjå korleis Astrup jobba, og då særleg hans unike måte å jobbe med tresnitt.

– Det er eit interessant synspunkt som vi må sjå nærare på. Men skal ein satse meir ressursar på Astruptunet, så må ein vere klar over at det går utover nokon andre. Det er faktisk sånn at vi har fem lokasjonar, og vi får litt av same kritikken frå fleire andre stader. Det er gjerne frå familien vi får kritikken, og det forstår eg jo godt, seier Mowatt.

Blir ikkje gløymd

Men trass i at besøkstala har vore låge i fleire år, trur ikkje Mowatt at Astrup blir gløymd.

– Gløymd blir han ikkje. Vi gjer det vi kan. Vi har jo folk i Jølster som jobbar med både å forvalte og få besøkstala opp, men vi greier ikkje å hevde oss i konkurransen, og det har litt med lokaliseringa å gjere, seier han.

Mowatt seier at det kan godt vere at dei har rett dei som meiner at potensialet i namnet Astrup representerar, ikkje vert godt nok utnytta.

– Men dei som kjem med kritikken må komme med konkrete råd, og då skal vi ta det på alvor.