– Vi håpar på mellom 1500 og 2000 deltakarar i år, sier løpsleiar Erik Brendefur i ei pressemelding.
LES OGSÅ:
Favoritt
Onsdag føremiddag melder arrangøren om 600 førehandspåmlede mosjonistar. Dermed kan det gå mot ny rekoddeltaking i det niande Skåla Opp.
Verdsmeister i motbakkeløp, Jonathan Wyatt fra New Zealand, er ein av favorittane, men får hard konkurranse av fjorårsvinnar John Sompol frå Kenya.
Eliteløparar frå Sveits, Italia, Storbritannia og Norge stiller også til startst.
Hjelmeset & co stiller
Skiskyttar Tarjei Bø, og langrennsveteranane Kristen Skjeldal og Odd-Bjørn Hjelmeset er med i det beinharde løpet saman med blant andre Anita Håkenstad Evertsen (om vann Fanaråken Opp sist helg), May Britt Buer og Karoline Bjerkeli Grøvdal.
Den norske motbakkekongen Jon Tvedt frå Bergen, som døydde i 2009, har framleis rekorden. I 2007 sprang han på 1.08.39.
Skåla Opp startar 29 meter over havet og går til Skålatårnet, 1848 m.o.h.