Hopp til innhold

Vil jobbe vidare med språket i planen

Fylkeskommunen sin verdiskapingsplan får kritikk for å vere skriven på ein byråkratisk og vanskeleg måte. No vedgår fylkesdirektøren at dei kunne ha gjort ein betre jobb.

Jan Heggheim

VIL JOBBE MED SPRÅKET: Seier Jan Heggheim som er ansvarleg for prosjektet med verdiskapingsplanen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi må gjere vårt beste for å gjere språket i planen meir tilgjengeleg enn det er no, seier Jan Heggheim.

Han er fylkesdirektør for næring, og står som ansvarleg for prosjektet med den såkalla verdiskapingsplanen. Ein plan laga for å auke folketalet, få fleire arbeidsplassar og leggje til rette for bustadbygging i Sogn og Fjordane.

Men planen blir ikkje berre motteken med jubel og godord. Fleire er misnøgde med språket i planen.

– Dei fleste bedrifter som les denne planen, har ramla av når dei er komne halvvegs, seier Stein Kvalsund som er dagleg leiar i Maritim foreining i Sogn og Fjordane.

– Vanskeleg å kome med innspel

Sogn og Fjordane er i dag eit fylke med vel 109.000 innbyggjarar, noko som gjer det til det nest minste ut frå folketal i Norge. Nettopp folketalsutvikling er den største utfordringa meiner politikarane, og dei trekk fram attraktive arbeidsplassar som noko av det viktigaste for å få fleire til å ville bu i fjordfylket.

I den såkalla verdiskapingsplanen har ein sett ord på korleis ein skal jobbe for å få nye og attraktive arbeidsplassar til Sogn og Fjordane, og på den måten altså auke folketalet.

Planen har i vår vore ute til høyring, der målet var at flest mogleg i fylket kom med innspel. Men med eit byråkratisk og vanskeleg språk er det utfordrande for bedrifter og næringsliv å kome med innspel, meiner Stein Kvalsund.

– Når ein byrjar lese eit så langt dokument, og ein ramlar av når ein har lese halvparten, blir det svært utfordrande å skape ei forståing av meininga og innhaldet i dokumentet, seier Kvalsund som er dagleg leiar i Maritim foreining i Sogn og Fjordane.

Ville hatt kortare og meir konsis plan

Kvalsund er ein av dei som jobbar med næringsutvikling i fylket, og har sjølv svart på høyringa.

Men han trur endå fleire hadde gjort det om språket i planen hadde vore meir lettfatteleg.

– Ein har brukt ord og omgrep som mange av dei ein lagar planen for ikkje er kjente med, seier Kvalsund og meiner planen i tillegg kunne vore langt kortare enn dei no nesten 60 sidene.

Tek sjølvkritikk

Jan Heggheim som er fylkesdirektør for næring og ansvarleg for prosjektet, seier fylkeskommunen vil gjere noko med den tunge språkdrakta i verdiskapingsplanen.

– Alle skal kunne lese verdiskapingsplanen og forstå det som står der, og om det viser seg å ikkje vere godt nok slik det er no, må vi forsøke gjere det betre, seier Heggheim.

Han vedgår at dei kanskje ikkje har lukkast heilt med språket i planen, og at dei allereie har fått nokre tilbakemeldingar på dette.

Vil jobbe vidare med både språk og innhald

Heggheim seier det gjerne er brukt omgrep som er sjølvsagte for dei som har laga planen, men ikkje for alle andre.

– Dette har vore eit forsøk på å vere presis i bruken av omgrep, og då er det fort gjort å ty til faguttrykk. Men det er ikkje bra om det ikkje er forståeleg.

– Vi har allereie diskutert å prøve knyte til oss nokon som kan hjelpe oss sjå dette litt utanfrå, slik at vi får vekk denne typen omgrep, seier Heggheim.

11. april var fristen for å kome med innspel til verdiskapingsplanen, og fylkeskommunen skal no jobbe vidare med dei innspela dei har fått.