Hopp til innhold

Kunne tilsett 20 fleire – men får ikkje tak i faglærde

Det er gode tider for Luster Mekaniske Industri. Bedrifta vil utvide, men slit med å få tak i faglærd arbeidskraft.

Geir Øren

KAN SMILE: Dagleg leiar ved LMI, Geir Øren, skulle gjerne hatt fleire tilsette med fagbrev.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Luster Mekaniske Industri i Gaupne opplever svært gode tider. Industriverksemda med 61 tilsette har fulle ordrebøker i to år framover og forventar ti prosent fleire tilsette kvart einaste år.

– Det er kjempeflott, og berre ei solskinshistorie, seier dagleg leiar i Luster Mekaniske Industri, Geir Øren.

Bedrifta har fulle ordrebøker ut 2014 og inn i 2015. Dette, i kombinasjon med det sterke behovet for meir arbeidskraft, har bidrege til folkeveksten Luster har opplevd det siste året.

73 fleire lustringar på åtte månadar

Luster er den kommunen i Sogn og Fjordane der folketalet prosentvis har hatt størst auke i løpet av 2013.

Frå årsskiftet til utgangen av september vart det 73 fleire lustringar, noko som gir ein auke på 1,45 prosent.

Og tala heng nøye i hop. Også ved Luster Mekaniske Industri har dei opplevd ein auke i talet på tilsette.

– Me har vel auka arbeidsstokken med ti prosent. Ein del av dei har komme flyttande hit med familie også, seier Øren.

Vanskeleg å få tak i fagarbeidarar

Næringssjef i Luster kommune, Olav Grov, stadfestar at denne utviklinga er viktig for lustringane.

– Det kan bli fleire som får arbeid, og i dette tilfellet får me også tilflyttarar. Det blir på ein måte ein sjølvforsterkande positiv prosess, seier Grov.

Luster Mekaniske leverer til den sterkt veksande subseamarknaden. Trass i at behovet for produkta deira verkar å vere aukande, ser Øren likevel store utfordringar framover. For det hjelper lite med fulle ordrebøker dersom ingen kan utføre ordrane.

– Per i dag så kunne me nok ha hatt arbeid til sikkert 20 fleire i produksjon. Det gjeld spesielt fagarbeidarar. Men det er ei stor utfordring, dei er svært vanskelege å få tak i, seier Øren.

Ikkje nok at næringslivet går godt

Grov meiner kommunen må gjere sitt for at folk skal flytte til kommunen for å arbeide der.

– Det er ikkje alltid at det er nok at næringslivet går godt. Kommunen må ha gode tilbod og det må vere råd for folk å få ein stad å bu, seier Grov.

Han forklarte tidlegare i vinter folketalsauken med kommunal innsats innan næringsutvikling.

– Vi har prøvd å legge til rette på ein god måte både innan næringsutvikling og bustadbygging, og det kan ha gitt innflytting. Vi ser og at nabokommunane Sogndal og Leikanger har positiv utvikling. Det skjer mykje spennande i denne delen av Sogn, og det er ein medverkande effekt, seier Grov.

Frå minus til pluss

Luster Mekaniske Industri gjekk frå minus fire millionar i årsresultat i 2011, til pluss fire millionar i 2012. Øren i LMI seier resultatet vil bli om lag det same i år, og ser for seg stor vekst dei komande åra.

– Vår plan er at me skal klare å auke bemanninga med mellom fem og ti prosent kvart einaste år framover. Men det er ei grense for kor mange arbeidarar me kan ha her. Det har vore planar om å utvide med ny hall. Kanskje skjer det i 2015, seier Øren.