Hopp til innhold

Vart dømd for 50 valdtekter - no er han frifunnen

Gulating lagmannsrett har frifunne ein mann i 40-åra som i Sogn Tingrett vart dømd til over tre års fengsel for ei rekkje valdsepisodar mot sambuar og to felles born.

Magne Nyborg og Robert Fonn

BLANK FRIFINNING: Mannen som vart dømd til tre års fengsel og til å betale over ein million kroner i erstatning og oppreisning, er i Gulating lagsmannsrett blankt frifunnen. Her frå Sogn tingrett med aktor Magne Nyborg og forsvarar Robert Fonn.

Foto: Arve Uglum / NRK

Ein mann i 40-åra frå Sogn, busett utanfor fylket, er i lagmannsretten frifunnen på alle punkt i ei sak som handla om familievald.

I september i fjor dømde Sogn Tingrett mannen til tre år og seks månader fengsel og til å betale over ein million kroner i erstatning og oppreisning, for ei rekke valdsepisodar mot sambuar og to felles born.

«Ikkje ansvarsgrunnlag»

Overgrepa skulle ha skjedd i tidsrommet frå 1998 og fram til 2006. Blant anna stod han tiltalt for å ha slått borna, heldt kniv opp til halsen på ein av dei og sperra den andre inne i kjellaren. I vart han i tingretten dømd for å valdteke sambuaren om lag 50 gonger i denne perioden, samt truga ho med kniv.

Mannen anka dommen, og no har Gulating lagmannsrett frifunne mannen for straffbare forhold og avvist kravet om erstatning. Retten skriv:

«Etter lagmannsretten si oppfatning har eit samlivsbrot utvikla seg frå å vere eit vanskeleg brot i ein dysfunksjonell familie til ei alvorleg straffesak fordi sentrale aktørar ikkje har stilt dei kritiske spørsmåla som burde vore sjølvsagde i denne typen saker. Sett vekk frå opplysningane frå hjelpeapparatet som står fram som unyanserte, er det ingenting som talar for at X har opptredd på eit vis som skulle gi grunnlag for erstatningskrav mot han. Det ligg såleis ikkje føre ansvarsgrunnlag i saka».

– Vil få etterspel

– Det var gledeleg med frifinning på skuldspørsmålet, men eg overraska over kor langt lagmannsrettens juridiske dommar går i å grunngje at det ikkje har skjedd noko her, seier forsvarar Robert Fonn.

Det er nemleg strengare krav til bevis i skuldspørsmål enn i krav om erstatning. Fonn meiner dommen vil få etterspel.

– Først og fremst er dette ei tragisk sak for alle involverte, fordi, som lagmannsretten peikar på under behandlinga av erstatningsspørsmåla, dette er ein konflikt som har utvikla seg og som har sitt opphav i eit brot og ein samverskonflikt. Det har medført at min klient ikkje har sett barna på mange år, seier mannens forsvarar.

Kan krevje millionbeløp i erstatning

Han meiner etterspelet i første omgang må dreie seg om å etterlyse større grad av profesjonalitet av barnevernteneste og behandlingsapparat, som i hans auge får kritikk i lagmannsretten. Ifølgje Fonn vil det i tillegg komme eit krav om erstatning for urettmessig forfølging.

– Ikkje berre tap knytt til den rettslege prosessen, men oppreising i form av at han har vore varetektsfengsla og hatt store belastningar gjennom dei tre og eit halvt åra sidan etterforskinga starta.

Kan det bli snakk om store beløp?

– Vi vil vurdere det nærare, men det vil ikkje overraske meg om vi snakkar om bortimot millionklassen.

Statsadvokat Magne Nyborg, som er aktor i saka, seier han vil ta dommen til etterretning.