Mannen, som ikkje lenger bur i Sogn, må også betala 1,1 million kroner i bot.
Sogn Avis skriv at sjølv om det ikkje var handfaste bevis i saka, og heller ikkje vitneprov som klart synte at kvinna vart utsett for valdtekt, var tingretten ikkje i tvil om skuldspørsmålet.
- LES OGSÅ:
– LETTA: Klienten min er letta, seier bistandsadvokat Maria Kirkeeide Ravnå.
Foto: NRKKvinna sin bistandsadvokat, Maria Kirkeeide Ravnå, seier til avisa at det har vore ei stor påkjenning for alle dei fornærma, og at kvinna er letta over å bli trudd.
Mannen var tiltalt for valdtekt, vald, mishandling og truslar mot ekskona, og mishandling av dei to borna deira. Overgrepa skal ha skjedd i ein sjuårsperiode fram til 2006, men vart først oppdaga i 2010.
Tiltala hevdar at han aldri har hatt samleie med kvinna mot hennar vilje, og han nekta all straffskuld. Han anka domen på staden.
I RETTEN: Statsadvokat Magne Nyborg og forsvarar Robert Fonn før rettssaka starta i Sogn tingrett.
Foto: Arve Uglum / NRK