Hopp til innhold

Tiltalt for å ha valdteke eks-kona

Ein familiefar frå Sogn må i dag møte i retten tiltalt for over ein lang periode å ha truga og valdteke ekskona. Mannen skal også ha brukt vald mot dei to små borna deira.

Magne Nyborg og Robert Fonn

I RETTEN: Statsadvokat Magne Nyborg og forsvarar Robert Fonn før rettssaka startar i Sogn tingrett.

Foto: Arve Uglum / NRK

Etterforskinga av saka der mannen i 40-åra frå Sogn har truga eks-kona med kniv er omfattande, fortel statsadvokaten.

– Han er tiltalt for over ein lang periode å ha terrorisert og truga si dåverande kone og sine to barn. I tillegg er han tiltalt for valdtekt av si dåverande kone, seier statsadvokat Magne Nyborg til NRK.no.

Skjedde over ein periode på sju år

Mannen skal mellom anna ha halde kvinna fast og truga henne med kniv. Heller ikkje borna skal ha sleppt unna den brutale faren.

Trugslane og overgrepa skal ha skjedd over ein periode på sju år.

Familievaldssaker kjem stadig oftare til rettsvesenet, seier statsadvokat Magne Nyborg.

– Det kjem stadig fleire politimeldingar på slike familievaldssaker.

– Det er delvis fordi politiet har prioritert desse sakene, og delvis at det har vore ein del i media som gjer at folk torer å gå til politiet, forklarar Nyborg.

– Eit terrorregime

For kvinna som var gift med mannen har det vore som å leve i eit terrorregime, seier bistandsadvokat Maria Kirkeeide Ravnå til NRK.no.

– Ein kan sjå på det som eit regime og at det har pågått i svært mange år. Det kanskje mest alvorlege er at barna har levd under det same regimet, seier Kirkeeide Ravnå.

Håpar andre skal tore å stå fram

Saka har vore etterforska i to år og kvinna er letta over at saka endeleg kjem for retten, seier bistandsadvokaten.

– Ho synst det er vanskeleg. Samtidig er ho veldig glad for at politiet har gjort ei grundig etterforsking og har forstått alvoret i saka, seier Kirkeeide Ravnå.

Kvinna håpar at også andre skal tore å melde frå om liknande forhold.

– Ho er særleg oppteken av at det at saka blir kjent kan gjere det lettare for andre. Slik at dei torer å seie frå dersom dei opplever vald og trugslar i heimen, seier bistandsadvokaten.

Erkjenner ikkje straffskuld

Advokaten til mannen, Robert Fonn, seier til NRK.no at hans klient ikkje erkjenner straffskuld etter tiltalen.

Fonn seier dei kjem til å føre mange vitne for å underbyggje dette. Han vil utover det ikkje kommentere saka no.