Hopp til innhold

Kinesarar køyrde Rallarvegen med bil

– Eg kom til hotellet tidleg om morgonen og då stod bilane der. Eg skjønte ingen verdas ting, ler Jannet Aksnes.

Vatnahalsen hotell Montasje

SJELDAN FRAMKOMSTMIDDEL: Dei åtte kinesiske turistane valde eit noko utradisjonelt transportmiddel til høgfjellshotellet. Tog eller sykkel er vanleg. Bil langs ein smal sykkelveg er ikkje vanleg.

Foto: Merete Husmo Høidal/Arne Veum / NRK /Aurlendingen

Aksnes er dagleg leiar ved Vatnahalsen Høgfjellshotell og fekk seg ei oppleving heilt utanom det vanlege i sommar. Det var månadsavisa Aurlendingen som først fortalde den utrulege historia om kinesarane som brått stod på tunet.

Turen ned er verre enn turen opp. Han eine røykte sikkert to pakkar sigarettar før han torde å setje seg i bilen att.

Jannet Aksnes

Åtte kinesiske turistar hadde kome for seint til toget, som er den vanlege transportmetoden. Men dei lèt seg ikkje stoppe så lett. Med god hjelp frå GPS-systemet i leigebilane valde dei, bokstaveleg talt, å køyre på.

Dette er første gong, og eg håpar det vert eit eingongstilfelle, seier Jannet Aksnes når NRK kontaktar henne.

Ein veg opp = ein veg ned

Aksnes fekk bestillinga frå turistane på internett, og verken ho eller hotellet var i kontakt med kinesarane før dei kom på tunet. Det står på hotellet sine nettsider at du ikkje kjem til hotellet med bil. Hadde turistane lese det, eller teke kontakt, hadde dei fått klar beskjed, seier Aksnes.

– Ingen skal køyre der. Det er for syklande turistar og små firhjulingar. Eg ville aldri sendt nokon oppover i bil. Den siste halvdelen er ein kjerreveg med grus som blir smalare og smalare, seier Aksnes til NRK.

Vatnahalsen høgfjellshotell ligg sentralt til på Norges mest populære sykkelveg Rallarvegen mellom Haugastøl og Flåm. Vatnahalsen er dessutan eit stopp på turistmagnaten Flåmsbana. For å komme seg til Vatnahalsen må ein dessutan ta seg gjennom ikkje mindre enn 21 serpentinsvingar – særdeles knappe hårnålssvingar – i stupbratt terreng.

Rallarvegen - Myrdalssvingane

SMALT: I Myrdalssvingane blir det verkeleg smalt. Det er ikkje meininga at bilar skal køyre her.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Som ein ser på biletet fekk den eine bilen ein solid bulk allereie på veg opp. Men det spørst om ikkje psyken til dei åtte turistane var like merka av turen.

Kloke av skade valde seks av kinesarane å ta toget ned att.

Men problema var ikkje over. Bilane måtte ned att. Det er ein veg opp, og dermed berre ein veg ned.

– Turen ned er verre enn turen opp. Dei var skremte. Han eine røykte sikkert to pakkar sigarettar før han torde å setje seg i bilen att, ler Aksnes.

Måtte bygge sine eigen veg på nedturen

På veg ned att vart turistane observerte av lokalbefolkninga. Dei kunne ikkje tru det dei såg.

– Førarane måtte byggje opp vegen sjølv på enkelte punkt. For å ikkje skrape langs jernrekkverk på eine sida, brukte dei steinar for å byggje opp vegen på andre sida.

– Kva tenkte du eigentleg då dette gjekk føre seg?

– Eg tenkte i himmelens namn og rike, dette vert ein dyr ferie, ler Aksnes.

Bilane var godt bulka då dei kom ned, men det gjekk bra med folk til slutt.

Aksnes ler av hendinga, men ho håpar skiltinga i området vert klarare i framtida, slik at alle forstår at det er forbode å køyre heile vegen utan løyve.