Hopp til innhold

- Ikkje rart det går gale når dei manglar både utstyr og kjettingar

Fleire lastebilar og bilar har hamna i grøfta i dag. Sjølv om vi er i slutten av november, og kong Vinter har komme på vegane, er mange langt frå godt nok skodde for føret.

Kø

I KØ: Både på riksveg 5 og på fylkesveg 53 har det vore problem i dag, grunna vogntog som ikkje har komme seg av flekken.

Foto: Ragnvald Søgnesand/NRK-tipsar

Kjetil Molvær i Statens vegvesen opplyser at det er fleire lastebilar som har køyrt av vegen i Sogn og Fjordane i dag.

– Akkurat no er det to lastebilar i grøfta på riksveg 15 over Strynefjellet. I tillegg er det to som ikkje har greidd å halde seg på vegen over Filefjell, seier Molvær.

Molvær hevdar at det handlar om utanlandske køyretøy som er dårleg skodde for nysnøen og vinterføret.

– Dei har både feil utstyr og somme har ikkje lagt på kjettingar. Då er det ikkje rart at det går gale.

– Eg er redd for at det blir litt å gjere i kveld, men eg reknar med at det betrar seg utover morgondagen, seier Molvær.

Tidlegare i dag sperra ein lastebil vegen i fem timar. No har politiet oppretta sak mot sjåføren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kjøsnesfjorden

KØ: Ein lastebil skapte lange køar i Kjøsnesfjordan i dag.

Foto: Ragnvald Søgnesand

Bilberging i Selje

Også personbilar har hatt problem med veggrepet i dag. Akkurat no går det føre seg ei bilberging på fylkesveg 60 i Selje.

Molvær oppmodar etternølarane om å leggje om til vinterdekk.
– Etternølarane bør skjønne alvoret no, seier han.

Kostbart å ikkje vere godt nok skodd

Operasjonsleiar Per Rimmen ved Sogn og Fjordane politidistrikt opplyser at det kan koste deg dyrt om du køyrer utan vinterdekk eller kjettingar på vinterføret.

– Det kan kome opp i mange titals tusen i bøter, seier Rimmen.

Snøen vil halde fram utover kvelden

Meteorolog Frode Hassel seier at det vil halde fram med snø- og sluddbyer utover ettermiddagen og kvelden i Sogn og Fjordane.

– Samstundes vil vinden snu og auke til sterk kuling, men i morgon vil vinden minke og me får opphaldsvêr i fylket.