Hopp til innhold

Sogndal Høgre vil vraka Arve Mjømen

Det bles opp til leiarstrid i Sogn og Fjordane Høgre. Fylkesleiar Arve Mjømen har ombestemt seg og stiller likevel til attval.

Arve Mjømen

USYNLEG? Arve Mjømen (H) ønskjer å halda fram som leiar i Sogn og Fjordane Høgre, men blir kritisert for å vera for usynleg.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det kan vera fornuftig med nye kostar, seier gruppeleiar Karin Vikane i Sogndal Høgre.

Lokallaget meiner fire år med Arve Mjømen som fylkesleiar er nok og har gitt valnemnda beskjed om at dei ønskjer 1. nestleiar Vidar Grønnevik frå Florø som ny leiar.

– Grønnevik har stilt seg til disposisjon. Han sit med lang erfaring frå både næringsliv og politikk og vil vera ein samlande person for heile fylket, seier Vikane.

Tøff H-periode

Høgre gjekk markant tilbake i fylkestingsvalet i haust, og partiet har fått kritikk for politikken som H-Frp-regjeringa fører, i saker som politireform og fylkeskommuneøkonomi.

Karin Vikane

VIL HA VIDAR GRØNNEVIK: – Han er lyttande, løysingsorientert og strategisk, seier Karin Vikane i Sogndal Høgre.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Vikane meiner Mjømen ikkje godt nok har fått fram korleis Høgre-politikken har gagna Sogn og Fjordane:

– Han kan vera anonym. Me sit i regjering og Høgre må markera seg godt i heile fylket.

– Då bør ho gå gjennom presseomtalane. Eg har vore ein av dei tydelegaste til å snakka fram politikken til regjeringa, svarar Mjømen på kritikken.

Ombestemte seg

Så seint som på Høgre sitt landsmøte i vår gav Mjømen partifellene beskjed om at han ville gi seg. No har han ombestemt seg og sendt brev til valnemnda om at han likevel stiller til attval når partiet skal velja leiar på fylkesårsmøtet i februar neste år.

– Etter valet har eg ikkje lenger verva som leiar i kontrollutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune og varaordførar i Gulen. Presset har letna. Dessutan har lokallag oppfordra meg om å halda fram. Det har vore kjekt å høyra, forklarar Mjømen.

Vidar Grønnevik

ØNSKT SOM NY FYLKESLEIAR: 1. nestleiar i Sogn og Fjordane Høgre, Vidar Grønnevik, har stilt seg til disposisjon som ny leiar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Arve Mjømen kom til makta i 2012. Då hadde Bjørn Lødemel vore fylkesleiar i seks år, men ingen av dei aktuelle leiarkandidatane den gongen ville ta over, utanom Mjømen, som då var 1. nestleiar.

Forsøkt vraka tidlegare

Også for to år sidan ville folk i partiet vraka han, då Flora Høgre lanserte Bjørn Hollevik som motkandidat. Men Mjømen blei attvald.

Når han ikkje lenger er varaordførar og kontrollutvalsleiar, meiner Mjømen at han vil bli ein annleis fylkesleiar – om han blir attvald – enn kva han har vore dei siste åra.

– No kan eg konsentrera meg om fylkesorganisasjonen, som har vore litt skadelidande dei siste åra, seier Mjømen.

– Grønnevik er samlande

Verken leiar i valnemnda, Lars Trygve Sæle, eller Vidar Grønnevik ønskjer å kommentera leiarspørsmålet.

Vikane meiner derimot bestemt at Grønnevik kan gjera ein betre jobb som leiar enn Mjømen:

– Grønnevik har eit stort nettverk som femner om heile fylket. Han er lyttande, løysingsorientert og strategisk, og han vil ivareta heile fylket på ein god måte.