Hopp til innhold

Sjekk den forvandlinga - to år etter storbrannen

18. januar 2014 er ein dato ingen i Lærdal nokon sinne kjem til å gløyme.

Laster innhold, vennligst vent..

Laurdagskvelden for to år sidan var som andre kveldar. Det var ingenting som skulle tilseie at denne skulle vere annleis.

– Vi har byrja å få det litt på avstand, men det kjennest ikkje som det er to år sidan, seier ordførar Jan Geir Solheim.

Kvelden som skulle forandre Lærdal for alltid sat han heime og såg på fjernsyn.

Les alt som storbrannen i Lærdal her.

– Det var helg og laurdagskveld. Då er vi gjerne ekstra sårbare. Folk er heime og kosar seg og slappar av. Det er heilt merkeleg å tenke på at vi sat heime og såg på noko så banalt som spelemannsprisen.

Laster innhold, vennligst vent..

Timane som forandra alt

Klokka 23. 53 kom melding om brann. Dei neste timane skulle forandre lærdalssamfunnet for alltid.

Jan Geir Solheim

KJENNEST IKKJE SOM TO ÅR: Jan Geir Solheim (Sp) er ordførar i Lærdal.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det var jo ikkje berre bygningar som brann, det brann i fjellsidene også. Det såg skikkeleg ille ut, seier Solheim.

42 bygningar, av dei 17 bustadhus brann ned til grunnen. 681 personar vart evakuerte frå heimane sine. 446 personar måtte til legesjekk etter brannen, men som ved eit under omkom ingen i branninfernoet.

– Ja, heldigvis. Ingen omkom, og ingen vart heller alvorleg skadde, og det var ingen sjølvsagt ting då vi stod midt oppe i det.

Laster innhold, vennligst vent..

I ferd med å reise seg igjen

No to år etter er Lærdal i ferd med år reise seg igjen. Dei opne såra av brannruinar blir avløyste av nye hus som kjem opp.

– Det har vore løysingsorienterte folk som ville bygge fort opp igjen. Sjølv har eg ikkje mista noko hus, og klarer ikkje å sette meg heilt inn i korleis det må vere. Det er mange som opplever det kvart år, men i Lærdal vart det så mange på ein gong, seier Solheim..

– Men no kjem det stadig nye hus opp?

– Og det betyr mykje. Det er mange som har sagt, og særleg born, at dei har sakna naboane og venene sine. Men det som er utfordrande for dei som flyttar inn er at det nok tar ei stund før dei er «heime igjen», sjølv om dei har eit nytt flott hus.

Laster innhold, vennligst vent..

Tid for ettertanke

Måndag er det to år sidan storbrannen.

– Alle har nok ein dag med litt ettertanke og der vi ser tilbake på det som skjedde. Det kjennest ikkje så lenge sidan, men to år er trass alt ei stund, seier Solheim.