Den erfarne yrkessjåføren var på veg frå Nordfjord Betong utanfor Nordfjordeid til Svelgen med åtte kubikk sement då bilen byrja å brenne på fylkesveg 614.
Terje Våge hadde nett køyrt av ferja på Isane og var på veg opp bakkane mot Langevatn då han såg røyken sive ut under hytta.
– Det var berre å få stogga bilen og komme seg ut. Etter nokre sekund, og før eg fekk stogga, så stod flammane ut i bakkant av hytta, seier 58-åringen til NRK.no.
– Du leikar ikkje brann
Våge har vore yrkessjåfør sidan 1977 og har aldri sjølv opplevd liknande. Sløkkeapparatet hadde han med seg, men han fekk aldri anledning til å ta det i bruk.
– Før eg var komen rundt på andre sida var flammane allereie inne i hytta. Då tok eg ikkje sjansen på å gå inn att. Det er ulike tankar som kan eksplodere, så for å vere trygg trekte eg meg unna og stogga trafikken, fortel han.
– Du leikar ikkje med ein brann. Den utviklar seg veldig fort, seier han.
Varsla sjølv
Våge varsla sjølv om brannen og vart hjelpelaust vitne til at flammane slukte hytta og alt som var inni. Sjølv om hendinga sette ein liten støkk i 58-åringen, tykkjer han det var udramatisk.
(Artikkelen held fram under biletet)
– Så lenge du bergar deg vekk frå det, så er det ikkje noko særskilt. Men brann utviklar seg ofte fort, og det handlar om å berge det du kan berge og å komme seg unna. Det er det viktigaste, seier han.
– Har du noko meining om kvar og kvifor brannen starta?
– Nei, det er vanskeleg å konkludere med det. Bilen var så utbrent at det var ikkje mogleg å sjå og finne ut av, seier han.
Tilbake på jobb
Då NRK.no snakka med Våge, berre nokre timar etter brannen i Bremanger, var han allereie tilbake på basen ved Løkjaneset utanfor Nordfjordeid. Og i gang med arbeidet.
– Ein kan ikkje sitje å tenkje på at det kan skje igjen. Gjer du det, så kjem du ikkje langt. Eg er veldig glad eg kom meg heilskinna unna, så no set eg og ventar på nytt oppdrag.
– Og ny bil?
– Ja.